For mange som står midt i valet av utdanning og framtidig yrkesveg kan det vere vanskeleg å finne den rette retninga . Helse- og omsorgssektoren treng stadig nye, engasjerte medarbeidarar, og denne dagen gir eit innblikk i korleis det er å jobbe med menneske i ulike livssituasjonar.
Malin Sandnes Oterhals og Helle Ulla Ingelsrud gler seg til å ta i mot deltakarane på opplæringsdagen i vinterferien.
Haram kommune
–Målet med tilbodet er å inspirere fleire til å sjå på helse- og omsorg som ein spennande karriereveg, seier Malin Sandnes Oterhals.
Ho er ein av arrangørane, og skal saman med kollega Helle Ulla Ingelsrud vere kurshaldar for dei som melder seg på.
– Denne dagen gjer vi vårt beste for å gi ei innføring i korleis det er å jobbe innan helse- og omsorg. Sjølv om det berre er éin dag, håper vi å både gi deltakarane ny kunnskap og samtidig vekke lysten hos fleire til å velje dette som sin yrkesveg.
Kven kan delta?
Opplæringsdagen er frå alle over 16 år, også dei som fyller 16 år i 2026.
Kven møter du?
Kurshaldarar er Helle Ulla Ingelsrud og Malin Sandnes Oterhals.
Begge er sjukepleiarar med brei erfaring frå ulike delar av tenesta. Dei starta sjølve som pleiemedarbeidarar, og på opplæringsdagen deler dei sine erfaringar om korleis det er å jobbe innan helse og omsorg.
Kvifor bli med?
Helse og omsorg er eit yrkesområde med meining, utviklingsmoglegheiter og ein arbeidskvardag der du verkeleg gjer ein forskjell.
Deltaking på kurset kan bli vurdert positivt dersom du søker ledige stillingar hos oss, og gjer deg tryggare og betre førebudd som kandidat.
Denne dagen gjer vi vårt beste for å gi ei innføring i korleis det er å jobbe innan helse- og omsorg. Sjølv om det berre er ein dag, håper eg det kan inspirere fleire til å velje dette som sin yrkesveg.
Kva får du vere med på?
- Enkle, praktiske øvingar
- Møte fagfolk frå ulike delar av tenesta
- Høyre om utdanningsvegar og jobbmoglegheiter
- Delta i ein kjekk konkurranse
Når og kvar?
Dato: 18. februar 2026
Tidspunkt: Kl 09.00-15.00
Stad: Eidet omsorgssenter, oppmøte ved hovudinngang
Praktisk info
- Ta på klede som er lette å bevege seg i
- Ta med drikkeflaske
- Gratis lunsj
Påmelding
Du må melde deg på via digitalt skjema, fristen er 16. februar.
Påmeldingsskjema finn du her
Har du spørsmål?
Ta gjerne kontakt om du lurer på noko, du når oss på telefon eller e-post:
Helle Ulla Ingelsrud
Malin Sandnes Oterhals