Bli med på å forme Haram kommune sitt nye kulturpris-diplom

Haram kommune skal lage ny utforming av diplom til kulturprisane våre. Vil du hjelpe oss?

Illustrasjon av diplom, omgitt av grøne blad - Klikk for stort bileteVil du ha motivet ditt på Haram kommune sitt kulturpris-diplom? Då må du bli med i innbyggarkonkurransen vår!

I Haram kommune skal det årleg delast ut to prisar; kulturprisen og ungdommens kulturpris.

På grunn av samanslåingsperioden med Ålesund kommune, er det fem år sidan dei forrige kulturprisane vart delte ut her i Haram. No er det ønskeleg at diplomet som følger med prisane skal få ei lita oppfrisking, og vi ønsker hjelp frå innbyggarane våre til den nye utforminga.

Bli med i innbyggarkonkurranse!

Likar du å teikne eller måle? Er du flink på foto? Eller lager du andre typar illustrasjonar? Då må du lese vidare!

I perioden 4. oktober til 8. november lyser vi ut ein innbyggarkonkurranse, der deltakarane kan konkurrere om å få sitt foto/måleri/si teikning trykt som ein del av designet for kulturpris-diplomet. Motivet som vinn konkurransen vil pryde kulturpris-diplomet frå 2024-2027 (inneverande kommunestyreperiode).

Dette er konkurransereglane:

  • Du må vere innbyggar i Haram for å kunne delta
  • Det er inga aldersgrense, konkurransen er open for alle innbyggarar. Om deltakaren er under 18 år, må føresette sende inn bidraget på vegne av barnet/ungdommen.
  • Profesjonelle kunstnarar kan også delta.
  • Du kan delta med foto, måleri, teikning eller anna illustrasjon, og det er ingen føringar for kva motivet skal vere.
  • Bildet/motivet du sender inn må vere ditt eige. Om du har brukt kunstig intelligens for å lage motivet må du opplyse om dette.
  • Når du sender inn eit bidrag gir du Haram kommune løyve til å bruke det i designet av diplomet som følger med kulturprisane. Motivet som vinn vil minimum bli brukt på diplomet fram til 2027.
  • Motivet må vere i liggande format.
  • Siste frist for innsendig av bidrag er den 8. november 2024.

Premiering

Det er kulturutvalet i Haram kommune som skal kåre vinnarar av konkurransen. 

Første-, andre- og tredjeplass i konkurransen vil bli premiert på følgande måte:

  • Førsteplass: Motiv trykt på diplomet som følger med kulturprisane, og ein pengepremie på 5000 kroner
  • Andreplass: Pengepremie på 3000 kroner
  • Tredjeplass: Pengepremie på 2000 kroner

Vinnar av første-, andre- og tredjeplass i konkurransen blir presentert under kommunestyremøtet den 12. desember 2024.

Korleis delta i konkurransen

Om du vil sende oss eit bidrag, gjer du det ved å bruke det digitale skjemaet under. Fristen for innsending er den 8. november 2024.
Om du er under 18 år, må du få hjelp av ein føresett til å sende inn skjemaet.

Send inn bidrag i innbyggarkonkurransen

Vinnarane vil bli kontakta i løpet av veke 46.

Lykke til!

Kontakt oss

Dersom du har spørsmål rundt konkurransen må du gjerne kontakte oss:

Ragnhild Louise Nordang
Rådgjevar
E-post
Mobil 97 65 17 26