På toppen av Haram - utstyn frå Blåskjerdingen (1061 moh)
Marit Krogsæter
Turen går til Haram sin høgaste fjelltopp, Blåskjerdingen (1061 moh).
-Dette er eit av mine favorittfjell, seier Vebjørn. - Både fordi det er ein veldig fin tur tilgjengeleg frå mi eiga kjøkkendør, og fordi dette er eit turmål som er tilgjengeleg for mange, også barn.
Ordførar Vebjørn er ein entusiastisk turgåar på fritida.
Privat
Lokal markering av friluftlivets veke
Den første veka i september er Friluftslivets veke, og denne vert markert over heile landet. Turen til Blåskjerdingen er Haram kommune sitt bidrag i feringa av norsk natur og friluftsliv.
-Som ordførar meiner eg at det er viktig å støtte opp under friluftsliv som eit viktig folkehelsetiltak, seier Vebjørn. - Eit aktivt friluftsliv er positivt for både fysisk og psykisk helse, og personleg er eg nesten avhengig av å gå tur for både å sortere tankar og kjenne på at kroppen fungerer. Forfattaren Søren Kirkegaard skreiv ein gong denne teksten:
“Tap for all del ikke lysten til å gå: jeg går meg til det daglige velbefinnende hver dag og går fra enhver sykdom; jeg har gått meg til mine beste tanker og jeg kjenner ingen tanke så tung at man ikke kan gå fra den"
-For meg gir ein slik tekst meining dei dagane ein kjenner på motgang og at det kan vere tungt å stå opp, slik vi alle kan ha det innimellom. Den berømte dørstokkmila kan jo av og til kjennest uoverkommeleg, men kjem ein seg ut på tur er det sjelden ein angrar på det, er i alle fall mi erfaring.
Blåskjerdingen = StikkUT!-mål i 2024
Blåskjerdingen står på lista over Stikk UT!-mål, og er dermed også ei fin moglegheit til å besøke eitt av turmåla i årets sesong.
Stikk UT!-sesongen 2024 går mot rekord i antall registrerte turar, og Sunnmøre Friluftsråd rapporterer om nesten 70 000 fleire registreringar enn i fjor på same tid, på heimesidene sine.
Motiv frå SkjerdingenOm turen og turmålet
Turen til Blåskjerdingen går frå fylkesveg 5970, like etter bebyggelsen på Krogsætra. Der er noko begrensa parkeringsmoglegheiter, så vi oppfordrar til samkøyring dersom det er mogleg. Til saman er turen om lag 7 km (t/r), med 883 meters stigning. Beregna tidsbruk er om lag 4 timar (t/r).
Det er nødvendig å ha med drikke, og gjerne også ein matbit.
Arrangementet har inga påmelding, og alle som ønsker å vere med på tur er velkomne. Oppmøte ved parkeringa, og avgang klokka 11.00.
Turarrangementet finn du også i aktivitetskalenderen Friskus