Bli kjent med ordføraren vår

Møt Vebjørn Krogsæter, mannen som er ordførar i Haram kommune. 

Kven er ordførar Vebjørn?

 -Eg er ein godt vaksen familiemann, busett på Krogsætra fremst i Vatnedalen. Eg er utdanna byggmeister og har arbeidd i byggebransjen med eige firma frå midten av 80-talet.

Eg bur på eit småbruk, har og ei agronomutdanning, men driv ikkje garden lenger. Hund, katt og høner sørger for litt liv på tunet. Er glad i friluftsliv, går gjerne i skog og fjell, men har og stor glede av sjø og hav. Mykje av fritida blir brukt saman med familien, vi er blitt ein stor gjeng etter kvart i alderen 0-90 år.

På kva måte vil innbyggarane merke at du er ordførar?

- Eg vil vere ein synleg ordførar som tek initiativ til utvikling og samhandling. Det gjeld næringslivet vårt, men også idrett og kultur. Det skjer mykje bra i kommunen, men vi kan skape endå meir dersom det offentlege tek ansvar for at ulike krefter får høve til å utvikle gode idear saman.

Kva vil du gjere for å skape samhald og framtidstru i kommunen?

- Som ordførar er det viktig å ta ansvar for heile kommunen, med det meiner eg sjølvsagt alle bygder og alle som bur her. Men det er også eit ansvar å få dei ulike politiske partia til å arbeide best mogleg saman, slik at vi kan arbeide mot felles mål. 

Vi skal snart starte arbeidet i den nye kommunen vår, vi treng å bruke tid på å få ei felles forståing av kva vi kan skape, men og kva utfordringar vi har. Eg vil bruke tid i kommunestyre og formannskapsmøta det første året til å dele kunnskap om kva som er våre sterke og svake sider, slik at vi i fellesskap kan ta ansvar for å utvikle kommunen.

Kva for tre ord håper du skal skildre Haram kommune 4 år fram i tid?

- Næringsnær, skapande og inkluderande.