Bestilling av skogbruksplan

No skal alle skogeigarar med over 50 dekar produktiv skog i Haram, Fjord og Ålesund ha fått tilbod om skogbruksplan med miljøregistreringar i skog. Frist for bestilling er 5. februar 2025.

Sjå informasjonsbrosjyre om skogbruksplan med miljøregistreringer i skog (MiS) (PDF, 2 MB)

Kvifor bestille skogbruksplan? 

Som skogeigar har du plikt til å vere kjent med miljøverdiane i skogen din og kunne gjere greie for korleis du tar vare på dei. Å ha ein skogbruksplan gir ei rekke fordelar, mellom anna at:

  • Du får miljøsertifisert eigedomen din. Dette gir moglegheit for sal av tømmer.
  • Planen gir oversikt over areal og skogressursar på eigedomen.
  • Du får moglegheit til å få kart på papir og/eller digitalt
  • Skogbruksplan gir grunnlag for å forvalte eigen skog på best mogleg måte.
  • Planen er eit godt verktøy for å planlegge både planting, rydding, tynning, vegar og hogst
  • Planen gir grunnlag for betre rettleiing frå kommunen og andre
  • Planen gir grunnlag for skogeigarsamarbeid, til dømes når det gjeld skogsvegar

Skogbruksplanlegging skjer normalt med eit omløp på om lag 20 år, og det er difor viktig at skogeigarar vurderer eige behov for å ha ein skogbruksplan for sin eigedom. Om ein ikkje har ein slik plan, vil det til dømes ikkje vere anledning til å selje tømmer frå eigedomen fram til neste skogbruksplanlegging. 

Kva kostar det?

Du finn priseksempel i informasjonsbrosjyren om skogbruksplan (PDF, 2 MB). Det vert tilbydd statleg tilskot på 52 %, og du kan bruke skogfond til å dekke kostnadane.

Slik søker du om tilskot (PDF, 315 kB)

Korleis bestille skogbruksplan?

Sjå Allskog si rettleing for bestilling av skogbruksplan (PDF, 475 kB)

Frist for bestilling er 5. februar 2025.

Vil du vite meir? 

Den 29. januar klokka 19.30 arrangerer Allskog eit digitalt informasjonsmøte på Teams. Du kan ta del ved å følge linken under:

Bli med på digitalt informasjonsmøte

Ved spørsmål kan du også kontakte Nordre Sunnmøre Landbrukskontor:

Beathe Alvestad, rådgivar