Bedriftsutviklingsprisen i landbruket 2025

Har du starta ei vellukka og berekraftig bedrift med basis i landbrukets og bygdenes ressursar? Då kan du vinne Bedriftsutviklingsprisen 2025. Fristen for å melde inn kandidat er 1. september.

Ei gruppe menneske står framfor ein bygning med glasfasade. To kvinner held ein blomsterbukett og eit diplom - Klikk for stort bileteLandbruks- og matminister Geir Pollestad annonserte vinnaren for 2024 og overrekte prisen til Renate Lunde, Heidi Lunde, Ylva Lunde Barman og Emil Lunde Barman i Vossabia AS. Landbruks- og matdepartementet

Innovasjon Norge deler kvart år ut Bedriftsutviklingsprisen i landbruket. Det vert kåra ein vinnar i kvart fylke som får 50 000 kroner. Fylkesvinnarane deltek så i konkurransen om den nasjonale prisen på 250 000 kroner.

Kandidatane vert vurdert etter følgjande kriterium:

  • Berekraft:
    • Økonomisk resultat/lønsemd
    • Sosialt som sysselsetting og ringverknader i lokalsamfunnet
    • Miljømessig som utnytting av lokale ressursar, fremme av lokal kultur og reduserte utslepp
  • Innovasjon/nyskaping
     

Fristen for å melde inn kandidat er 1. september.

Du finn meir informasjon om korleis ein deltar i konkurransen på Innovasjon Norge sine nettsider.