Avtale om kommune- og politisamarbeid signert

Måndag 12. februar var politirådet samla på Nordre Sunnmøre politistasjon. Anledninga var signering av avtale om kommune- og politisamarbeid.

Menn og kvinner på rekke framfor pressevegg. To av dei er kledd i politiuniform - Klikk for stort bileteFrå venstre: Frode Bøe Hatlelid (kommunalsjef for Livsløp), Erik Starheim Breivik (politikontakt i Nordre), Renate Grande (politistasjonssjef), Vebjørn Krogsæter (ordførar), Camilla Longva Larsen (SLT-koordinator) og Anders Norvald Hammer (kommunedirektør) Haram kommune

Avtalen vart signert av ordførar Vebjørn Krogsæter og politistasjonssjef Renate Grande. 

Haram kommune ser fram til eit godt og tett samarbeid om kriminalitetsførebygging, redning, beredskap og eit trygt lokalsamfunn.