Årsresultatet for 2025 er klart

Den ureviderte rekneskapen til Haram kommune per 31.12.25 viser eit negativt resultat på 19,6 millionar kroner.  

Betalingsforpliktinga til fylkeskommunen for Nordøyvegen i 2024 og 2025 etter avgjersle i Overskjønnsnemnda er bakt inn i resultatet.

Det låge eigedomsskattenivået i Haram gir ikkje kommunen tilstrekkelege inntekter til å forsvare gjeldande driftsnivå. Kommunen har i 2025 fått høgare lånegjeld med påfølgande høgare rente- og avdragsutgifter. Dette bidreg til det negative resultatet i lag med for høgt driftsnivå i fleire tenester.

Resultatet viser at kommunen må halde fram med omstilling slik at ein lukkast med å tilpasse tenestenivået i tråd med vedtekne rammer. 

Meirforbruk dekt av disposisjonsfond

Det negative resultatet på 19,6 millionar kroner, blir dekt inn av disposisjonsfondet. Etter fråtrekk frå det negative resultatet, er disposisjonsfondet på 17 millionar kroner.

Vidare behandling

Rekneskapen med noter er innsendt og tilgjengeleg for kommunerevisjonen. Revidert rekneskap og årsmelding blir lagt fram for godkjenning i Haram kommunestyre i mai.  Det kan såleis bli endringar i det endelege resultatet.