Årsmelding og rekneskap for 2024

For Haram kommune 2024 har vore eit år prega av utvikling, samarbeid og samhald, men også av økonomiske utfordringar.

No er årsmeldinga for 2024 publisert. Ho gir eit omfattande bilete av kommunen si drift, utviklingsarbeid, måloppnåing og økonomiske situasjon. Meldinga dokumenterer også korleis ressursane våre har blitt forvalta, og kva slags verdiar vi har skapt for innbyggarane våre.

Her kan du lese årsmelding og rekneskap for 2024

Leiing, struktur og tenester i støypeskeia

2024 har representert det første heile driftsåret som ny kommune. Året har vore ein viktig milepæl i utviklinga av både identitet, struktur og tenestetilbod i kommunen vår.

- Å etablere ein ny kommune er ei stor oppgåve, seier kommunedirektør Anders Norvald Hammer. – I dette første driftsåret har vi arbeidd målretta med å få på plass eigne strukturar for leiing, organisering, tenester og forvaltning. Det har vore ein krevjande, men lærerik prosess.

Årsrekneskap med negativt resultat

2024 har vore eit økonomisk stramt år for Haram, og prosessen med å etablere kommunen på nytt har ført med seg ei særleg utfordrande økonomisk ramme.

Trass stram budsjettstyring, nøkterne prioriteringar og tydelege val, går kommunen ut av 2024 med eit driftsresultat på minus 2,4 millionar kroner.

Arbeidet med å tilpasse driftsnivået til den økonomiske handleevna vår må halde fram i tida som kjem. Å bygge ein kommune som er robust over tid, krev at vi har kontroll på utgifter, ser på nye måtar å organisere tenestene våre på og utnyttar ressursane best mogleg.

Takk for felles innsats

– Eg vil rette ein stor takk til alle tilsette i Haram kommune. Deira innsats, kompetanse og engasjement er grunnlaget for dei resultata vi har oppnådd i 2024. 
 -Eg vil også takke kommunestyret for godt politisk leiarskap og modige val i ei krevjande tid, seier kommunedirektør Anders Norvald Hammer