I samband med rutinemessing prøvetaking har Ålesund kommune gjort funn av intestinale enterokokkar. Dette er tarmbakteriar og er ein indikator for forureina vatn. Difor blir det sendt ut kokevarsel som eit føre var-tiltak.
Funna er gjort på Harøya i Ålesund kommune, men leidningsnettet heng saman med Haram kommune sitt nett. Haram kommune har ikkje tatt prøver denne veka, så vi veit ikkje om det vil vere tilsvarande funn på våre prøver.
Brattvåg vassverk tok prøver same dag som Ålesund kommune, desse var reine. Kokevarselet gjeld difor ikkje Brattvåg vassverk sine abonnentar.
Haram kommune vil følgje opp med vassprøver i morgon 21. mai, og anbefaling om koking vil gjelde fram til ein får stadfesta at vatnet er reint. Dette kan ta eit par dagar.
Abonnentane det gjeld har fått kokevarsel på sms og vil få oppdatering også via sms