Ambasadør-besøk i Haram

Onsdag denne veka var den rumenske ambassadøren Cristian Bădescu på besøk i Haram. Med seg hadde han konsul Per Erik Dalen, ordførar Vebjørn Krogsæter tok imot gjestane på Haram tenestehus.

Tre menn kledd i dress står framfor ei trapp - Klikk for stort bileteOrdførar Vebjørn Krogsæter tok imot den rumenske ambassadøren Cristian Bădescu (i midten) og konsul Per Erik Dalen (t.h.) på Haram tenestehus Haram kommune

Ambassadøren var på besøk for å få ei orientering om kommunen.

Det er mange rumenarar som bur og arbeider her i Haram, som med godt kvalifisert arbeidskraft bidreg til viktig verdiskaping i det lokale næringslivet vårt. Dette var eit sjølvsagt tema i orienteringa og samtalane i etterkant.

Ambassadøren fekk også ei omvising på tenestehuset, både i fellesområdet ved biblioteket og i andre etasje der administrasjonen og fleire tenester har sitt daglege virke.

Fokus på tilrettelegging for val

I år er det val i Romania, og ambassadør Bădescu var oppteken av at rumenarar som er i vår region må motiverast til å stemme, både i dei lokale vala og valet til Europaparlamentet. Han poengterte viktigheita av at dei kunne tilrettelegge for at det skal vere enkelt å få stemme, og han ønskte ein dialog med kommunen om mellom anna vallokale.

Etter møtet på tenestehuset drog ambassadøren vidare til Vatne og Eidet kulturhall, der han skulle treffe landsmenn som bur i området.