Møta tar for seg viktige og universelle tema, som kan vere aktuelle for alle foreldre og føresette til barn og ungdom. Vi er difor glade for at Ålesund kommune deler arbeidet sitt med nabokommunane, og at også innbyggarar i Haram kan nytte seg av tilbodet. Vi oppfordrar alle med barn i barnehage- og grunnskulealder til å sjå møta.
Skjermbruk tema for første møte
Det første digitale foreldremøtet er torsdag den 13. mars klokka 18.00, og temaet er skjermbruk og informasjon og råd til foreldre i ei digital verd.
Målgruppa er føresette med barn i barnehage- og barneskulealder.
Skjermbruk, nett og mobil er tema som opptar oss, og som det både blir debattert rundt og forska mykje på. For mange barn og unge er det ein positiv del av kvardagen, men det er utfordrande å navigere i kva som er rett og galt både for barn, unge og vaksne.
Tal frå Medietilsynet visar at:
- 50 % av 1-5 åringar har tilgang til nettbrett
- 51 % av alle 9- åringar har profil på sosiale media
I følge ungdata junior-undersøkinga frå 2024 (5.-7. klasse), er det i Haram nokre fleire enn landsgjennomsnittet som brukar meir enn tre timar dagleg framfor ein skjerm, og som brukar minst éin time på sosiale medium etter skulen. 38 % rapporterte om at dei hadde opplevd ei eller fleire negative hendingar på nett eller mobil dei siste månadene.
Desse resultata fortel oss at det er viktig å snakke med barna om temaet, at vi som foreldre søker kunnskap og at vi snakkar saman om det i foreldregruppene.
Korleis delta i møtet?
Foreldremøtet er digitalt og vil bli sendt direkte på Ålesund kommune sin YouTube-kanal. Opptak vil vere tilgjengeleg der også i etterkant. Klikk på linken under for å sjå sendinga:
Sjå foreldremøte 13. mars 2025 - Ålesund kommune (YouTube)
Kontakt med kommunen
Nokre gongar kan foreldre og føresette ha behov for å samarbeide med fagpersonar i kommunen. I dei siste minutta av foreldremøtet vil Ålesund kommune sitt tilbod familiestøtte bli presentert. I Haram kommune vil tilsvarande tilbod vere ressursbasen, her kan du lese meir om tenesta:
Les meir om ressursbasen i Haram kommune
Har du lyst å lese meir om liknande tema?
Nettvett for barn og unge - Redd Barna
Hovedinnstillingen – Skjermbrukutvalget
Temamøter for ulike trinn - Livet og sånn