SLT-koordinator Camilla L. Larsen, helsesjukepleiar Ellinor Laverton og Sissel Storheim, og ruskonsulent for ungdom Marie S, Misund var av dei vaksne som deltok i workshopen. Dei skrytte av det fine samarbeidet med 9. klassingane dei har besøkt!
Politikontakt Magnus Aaning Buntemeyer var med og fortalte om politiet sine erfaringar med barn og unge sin bruk av alkohol og andre rusmiddel.Gjennom diskusjonar og gruppearbeid har ungdomane fått reflektere over alkoholbruk, drikkepress og eigne grenser.
Workshopen hadde rus som hovudtema, med særleg vekt på alkohol, då vi veit at mange ungdommar gjer sine første erfaringar med rus i ungdomsskulealder. Nyare forsking viser at interaktive metodar som gruppearbeid og diskusjonar er mest effektive i førebyggande arbeid, og å få gjere dette saman med ungdommane var utruleg kjekt!
Identitet, grenser og mot til å seie nei
Eit sentralt tema var såkalla fleirtalsmisforståing, der ein utforska om det faktisk stemmer at «alle andre» drikk og får lov til det av foreldra. I workshopen arbeidde elevane med fleire spørsmål rundt alkohol og rusmiddel, og dei samanlika eigne svar med resultata frå Ungdata-undersøkinga i 2024. Her peika dei på moglege feilkjelder i undersøkinga, som til dømes uærlege svar. Dei meinte det har skjedd ei haldningsendring, særleg knytt til alkohol og e-sigaretter/vape, og trudde det var langt fleire som både brukte alkohol og fikk lov av foreldra til å drikke no enn for to år sidan.
Saman med dei vaksne drøfta ungdommane også korleis rusbruk kan vere ein del av identitetsutvikling og grensetesting. Dei snakka om drikkepress, kven som skaper det, og korleis ein kan stå imot. Alle klassane var einige om at det krev MOT å seie nei, og at det hjelper å lage ein plan på førehand og alliere seg med andre.
Foreldre er viktige som støtte og unnskyldning
Gode tips til tenåringsforeldre frå Av-og-tilElevane fekk tips om at det er heilt greitt å «skulde på foreldra» for å stå imot drikkepress. Ei handsopprekking viste at det var langt frå fleirtalet som hadde snakka om temaet heime. I Ungdata 2024 svarte 10 prosent av ungdomsskuleelevane at dei fekk lov til å drikke, medan 24 prosent ikkje visste. I neste Ungdataundersøking er målet er at fleire enn 66 prosent skal kunne svare nei på dette spørsmålet.
Ungdommane blei oppfordra til å ta opp temaet med foreldra sine, og same oppfordring går til alle føresette: Ta praten med ungdommen din om bruk av alkohol og andre rusmiddel!
Eit godt tips er at Av-og-til har laga nokre enkle råd for samtale med ungdommar om dette temaet; Er du samsnakka med tenåringen? - Av-og-til
Politikontakt Magnus fortalde òg om politiet sine erfaringar med barn og unge i møte med alkohol og andre rusmiddel. Han gjorde greie for både dei lovmessige sidene og dei konsekvensane politiet ser at bruk av rusmiddel kan føre med seg.
Elevane fekk òg informasjon om helsestasjon for ungdom, eit gratis tilbod kvar torsdag for dei mellom 13 og 25 år, der ein kan møte helsesjukepleiar, lege og ruskonsulent.
Takk til skulane og elevane som har bidrege til eit viktig og inspirerande rusførebyggande arbeid!
Sjå filmen “Er dere samsnakka?” frå Av-og-til