Formålet med planen er å gi ei oversikt over viktige og relevante ferdselsårer for friluftsliv i kommunen, og skissere tiltak for å ivareta og utvikle desse ferdselsårene. Planen er ein del av eit landsdekkande prosjekt, leia av Miljødirektoratet, og vil følge rettleiar M-1292 Plan for friluftslivets ferdselsårer.
Dokument i saka
Her kan du lese alle dokument i saka
Kan du bidra i arbeidet?
I samband med arbeidet ønsker kommunen å involvere lag, organisasjonar og enkeltpersonar med særleg kunnskap knytt til tur og friluftsliv i kommunen. Sit du på slik kunnskap og ønsker å bidra i arbeidet, kan du sende ein e-post til postmottak@haram.kommune.no
Ansvarleg for planarbeidet: Tenesteområde Plan