Offentleg ettersyn av kommuneplanen sin samfunnsdel 2025-2035, 2. gongs høyring

Grunna endringar i kommuneplanen sin samfunnsdel og tilhøyrande arealstrategi, har Haram planutval i møte 29.04.2025 sak 019/25, vedtatt å legge forslag til kommuneplanen sin samfunnsdel ut på 2.gongs høyring og offentleg ettersyn. Høyringsfrist er sett til 20. juli 2025.

Vedtak om høyring er gjort i tråd med i plan- og bygningslova §11-14.

Kommuneplanen sin samfunnsdel skal vere kommunen sitt mest overordna styringsdokument, og skal vere utgangspunktet for alle underliggande planar. I følgje plan- og bygningslova (§11-2) skal samfunnsdelen:

«Ta stilling til langsiktige utfordringar, mål og strategiar for kommunesamfunnet»

Dokument i saka

Plandokumentet er heildigitalt og er lagt inn i Framsikt:

Gå til høyringsutkast - Kommuneplan for Haram kommune 2025-2035 – samfunnsdelen

Dersom ein skulle ha behov for det, er det mogleg å få skrive ut papirkopi. Ta i tilfelle kontakt med innbyggarservice på Haram tenestehus. Merk at papirversjonen ikkje er like lesevennleg som den digitale versjonen.

Merknader til høyringa

Merknader til kommuneplanen sin samfunnsdel kan sendast Haram kommune på ein av følgande måtar:

•    Send elektronisk høyring
•    Med post til Haram kommune, Postboks 33, 6282 Brattvåg
•    På e-post til postmottak@haram.kommune.no

Merk at innspelet ditt blir offentleg tilgjengeleg, ikkje send sensitive opplysningar.

Ansvarleg for høyringa: Kommunedirektøren sin stab

Høyringsfrist: 20. juli 2025