Planen legg til rette for ny landbase til Mowi, naust, slipp, nytt servicebygg og rorbuer. Hamneområdet er avsett til formål småbåthamn og naust i kommuneplanen sin arealdel (2019-2031).
Planen bestemmer kva areala kan brukast til og er bindande for alle nye tiltak innanfor planområdet.
Her kan du sjå dokument i saka
Klage
Du kan klage på dette planvedtaket til Statsforvaltaren, klagefrist er 23.10.2025.
Eventuell klage skal du sende til Haram kommune på ein av følgande måtar:
Innløysing og erstatning
Krav om innløysing eller erstatning etter plan- og bygningslova §§ 15-2 og 15-3, skal vere sett fram seinast 3 år etter denne kunngjeringa. Slike krav skal rettast til kommunen.
Har du spørsmål?
Dersom du har spørsmål kan du ta kontakt med planavdelinga i Haram kommune.
Kontakt Haram kommune