Kunngjering av vedtatt reguleringsendring for Vassenden – gbnr. 328/469 m.fl. - Synnalandsdalen

Haram planutval godkjende i møte 25.11.2025, med heimel i plan- og bygningslova (pbl.) § 12-14, følgjande reguleringsendring:

Planendring for Vassenden - Synnalandsdalen gbnr. 328/469 m.fl., innanfor reguleringsplan Synnalandsdalen 3 – endring 2 datert 26.03.1992 (id. 153479). Planendringa går fram av plankart datert 06.11.2025.  

Bakgrunnen for planendringa er at kommunen ynskjer å rydde opp i fleire utfordrande situasjonar som følgje av at gjeldande reguleringsplan for området er gamal. Formålet med planendringa er å stramme opp, konkretisere og skilje arealbruken i området, blant anna for å sikre leikearealet.

Dokument i saka

Sjå alle dokument i saka

Klage

Vedtak om eigengodkjenning er eit enkeltvedtak som kan påklagast, jf. pbl. § 1-9.

Eventuell klage skal sendast skriftleg til Haram kommune. Klagefristen er sett til 26.12.2025

Krav om innløysing eller erstatning etter pbl. §§ 15-2 og 15-3, må vere lagt fram for kommunen seinast tre år etter denne kunngjeringa.

Eventuell klage skal du sende på e-post til postmottak@haram.kommune.no eller per brev til: Haram kommune, Plan, byggesak og geodata, Postboks 33, 6282 Brattvåg