Høyring: Kommunedelplan for naturmangfaldHaram planutval vedtok den 02.06.2026, med heimel i plan og bygningslova §11-14, å legge forslag til Kommunedelplan for naturmangfald ut til offentleg ettersyn og høyring. Merknadsfrist er 18.8.2026.Kommunedelplan naturmangfald er utarbeidd i det digitale planleggingsverktøyet Framsikt. Delplanen gjev ei innføring i naturmangfald generelt, samt ei oversikt over viktig naturmangfald i Haram. Planen vurderer tilstanden på viktige naturtypar lokalt, trugslar mot naturmangfald og tiltak ein skal gjennomføre for å ta vare på naturmangfaldet i Haram.Dokument i sakaHer kan du lese saksdokument frå planutvaletHer kan du lese høyringsforslaget til Kommunedelplan Naturmangfald for Haram kommuneMerknader til høyringaMerknader til høyringa skal sendast inn via eDialog. Oppgi referansenummer 24/197 i merknaden. Send inn merknader via eDialogAlternativt kan merknader sendast inn på e-post til postmottak@haram.kommune.no. Merk at innspelet ditt blir offentleg tilgjengeleg, ikkje send sensitive opplysningar.Ansvarleg for høyringa: Plan Høyringsfrist: 13. august 2026 Sist endra 09.06.2026 16.28