Høyring: forskrift for hundehald

Formannskapet vedtok i møte 11. mars sak 015/25 å legge utkast til forskrift for hundehald til offentleg høyring. Frist for å kome med merknader er 2. mai 2025

Forslaget til ny forskrift er ei teknisk justering av gjeldande forskrift.  Endringane går ut på at stiar og område som er i Ålesund kommune er teken ut. Resten av forskrifta er uendra frå gjeldande forskrift.

Dokument i saka

Her kan du lese alle dokument i saka. 

Merknader til høyringa

Spørsmål, innspel og merknadar til ei sak kan sendast Haram kommune på ein av følgande måtar:

•    Send elektronisk høyring
•    Med post til Haram kommune, Postboks 33, 6282 Brattvåg
•    På e-post til postmottak@haram.kommune.no

Merk at innspelet ditt blir offentleg tilgjengeleg, ikkje send sensitive opplysningar.

Ansvarleg for høyringa: Kommunedirektøren sin stab

Høyringsfrist: 2. mai 2025