Høyring av kunnskapsgrunnlag til bustadsosial handlingsplan for Haram kommune

Haram formannskap vedtok i sak 074/25 at forslag til kunnskapsgrunnlag for bustadsosial handlingsplan og tiltaksoversikt skal leggast ut til offentleg høyring.

Nøkkel med nøkkelring i et hus form i døren nøkkelhullet - Klikk for stort bilete Shutterstock

Bakgrunn

Lov om kommunen sitt ansvar på det boligsosiale feltet (Lov om kommunenes ansvar på det boligsosiale feltet [boligsosialloven] - Lovdata) stiller krav til kommunen sitt førebyggande arbeid, oversiktsarbeid og planarbeid. 

Kommunen har eit lovpålagt ansvar for å hjelpe vanskelegstilte på bustadmarknaden og det utarbeidast no ein bustadsosial handlingsplan for heilskapleg bustadsosialt arbeid i Haram. 

Heimen vår er noko av det viktigaste vi har, det dekker nokre av våre mest grunnleggande behov som tilhøyrsle, fysisk tryggheit, identitet og er ein viktig sosial arena. Overordna målsetting i høyringsforslaget er «Saman om ein trygg og tilpassa heim»- som kommune skal vi samarbeide godt internt og med eksterne samarbeidspartnarar, men ikkje minst med dei planen gjeld.

Di stemme er viktig for at planen skal treffe behova her i Haram.

Dokument i saka

Saksdokument i sak 074/25

Kunnskapsgrunnlag bustadsosial handlingsplan

Merknader til høyringa

Spørsmål, innspel og merknader til saka kan sendast til Haram kommune på ein av følgande måtar:

  1. På e-post til postmottak@haram.kommune.no
  2. Med post til Haram kommune, Postboks 33, 6282 Brattvåg


Ansvarleg for høyring: Livsløp

Høyringsfrist: 03.12.25