Høyring av forslag til detaljplan for Rogne Hamn gbnr. 307/54 mfl. Skuløy/Flemsøy

Haram planutval vedtok i sak 018/25 å legge forslag til detaljplan for Rogne hamn gbnr. 370/54 mfl. Skuløy/Flemsøy på høyring og offentleg ettersyn, frist for å kome med innspel er 20. juni 2025.

Vedtak om høyring er gjort i tråd med plan og bygningslova §12-10. 

Formålet med planen er å legge til rette for ny landbase (næringsformål) til Mowi ved det gamle ferjeleiet, sør i småbåthamna på Rogne.

Rogne og Nogva småbåtlag deltek i reguleringsplanen og vil regulere naust, slipp, klubbhus/servicebygg og rorbuer. Hamneområdet er ikkje regulert frå før, men området er avsett til småbåthamn og naust i kommuneplanen sin arealdel (KPA).

Dokument i saka

Sjå dokument i planutvalet si sak 018/25

Plankart og føresegner datert 18.03.2025 er etter vedtak i planutvalet hhv. påført vedtak/vedtaksdato og fjerna vassmerke «forslag frå plankonsulent». Versjonen med påført vedtak og fjerna vassmerke ligg her: 

Merknader til høyringa

Spørsmål, innspel og merknadar til ei sak kan sendast Haram kommune på ein av følgande måtar:
•    Med post til Haram kommune, tenesteområde Plan, Postboks 33, 6282 Brattvåg
•    På e-post til postmottak@haram.kommune.no

Merk at innspelet ditt blir offentleg tilgjengeleg, ikkje send sensitive opplysningar.

Ansvarleg for høyringa: Tenesteområde Plan

Høyringsfrist: 20. juni 2025