Høyring: Alkoholpolitisk handlingsplan 2025-2028

Alkoholpolitisk handlingsplan 2025-2028 med retningsliner for lokal alkoholpolitikk  er no ute til høyring. Frist for å sende inn merknader er 1. august 2025.

Kommunane har eit ansvar for å utforme sin eigen lokale alkoholpolitikk, innafor alkohollova sine rammer og utarbeide ein alkoholpolitisk handlingsplan (alkohollova § 1-7d). Planen skal reviderast i kvar kommunestyreperiode.  

Fram til no har Haram kommune nytta alkoholpolitiske retningsline vedtatt av kommunestyret i Ålesund 24.09.20 (kommunestyresak 155/20).  

Ny alkoholpolitisk handlingsplan inneheld hovudmåla for Haram kommune sin alkoholpolitikk og kva tiltak som nyttast for å nå alkohollova sitt mål om å redusere tilgjenge til og forbruket av alkohol. Haram formannskap gjorde i sak 032/25 vedtak om å legge alkoholpolitisk handlingsplan for 2025-2028 ut på høyring. 

Dokument i saka

Sjå forslag til alkoholpolitisk handlingsplan 2025-2028 med retningsliner for lokal alkoholpolitikk

Sjå vedtak og saksframlegg til sak 032/25

Merknader til høyringa

Innspel og merknadar til planen kan sendast til Haram på ein av følgande måtar:

•    Send elektronisk høyring
•    Med post til Haram kommune, Postboks 33, 6282 Brattvåg
•    På e-post til postmottak@haram.kommune.no

Merk at innspelet ditt blir offentleg tilgjengeleg, ikkje send sensitive opplysningar. 

Ansvarleg for høyringa: Kommunalområde livsløp

Høyringsfrist: 1. august 2025