Ansvarsfordeling
- Haram kommune har ansvar for brøyting og strøing av kommunale vegar, fortau, gang- og sykkelvegar
- Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for fylkesvegar
- Statens vegvesen har ansvar for riksvegar
I linken nedanfor kan du melde frå om manglande brøyting/strøing. Om du zoomar inn i kartløysinga vil ein fargekode vise kven som har ansvar for den enkelte vegstrekninga:
- Vegkategori K: (lys oransje/brun farge) er kommunal veg.
- Vegkategori F: (gul farge) er fylkeskommunal veg.
- Vegkategori P: (lys grøn farge) er privat veg.
Meld frå om manglande brøyting/strøing
Slik prioriterer kommunen
Dette blir prioritert først:
- Hovudvegar, fortau, gang- og sykkelvegar
- Sidevegar
Berre dei høgst prioriterte vegane, samt parti som er definert som kritisk bratte eller trafikkfarlege, blir vanlegvis strødd eller salta.
Kva er ditt ansvar?
Du må sjølv brøyte eller strø eiga avkøyrsle frå hovudvegen og til eigedomen din. Dersom det er ein gang- og sykkelveg mellom hovudvegen og avkøyrsla di, er det også ditt ansvar å rydde vekk snøen i partiet mellom gangvegen og hovudvegen.
Meld frå om feil
Har du oppdaga feil eller manglar ved kommunal veg? Meld frå til oss. Du kan også sjå feil andre har meldt inn og følge status i saka.
Meld om feil
Vil du vite meir?
Vedlikehald av kommunale vegar
Slik er sommardrift av vegar