Tiltak for trafikktrygging

Kommunen er ein viktig aktør i trafikktryggleiksarbeidet. Som vegeigar, barnehage- og skuleeigar, arbeidsgivar, kjøper av transporttenester og ansvarleg for helsa og trivselen til innbygarane har Haram kommune eit stort ansvar for å førebyggje ulykker.

Haram kommune vurderer fleire ulike tiltak når trafikktryggleiken skal betrast.

  • Fartsdempande tiltak
    Ved alle nye vegar skal trafikktryggleik og eventuelle behov for fartsdempande tiltak vurderast i  planleggingsfasen og etablerast av utbyggjar.
     
  • Fartsgrense
    Fartsgrenser følger nasjonale kriterier satt av Statens vegvesen. Veitype, områdetype, bebyggelse, aktivitet og separering er avgjørende for valg av fartsgrense. Hovedveiene ivaretar viktige funksjoner som utryknings- og kollektivtrase. I slike veier er det viktig å sikre krysningspunktene.
     

Klipping av hekk og buskar
Folk som bur langs trafikkerte vegar, plikter å klippe hekkar og buskar som heng ut over offentleg veg av omsyn til eigen og tryggleiken i andre. Viss dette ikkje er gjort, meld frå til kommunen, så kan vi sende brev til grunneigar med beskjed om å utføre nødvendig klipping. Dersom vegetasjonen framleis ikkje blir klipt, kan kommunen utføre nødvendig klipping.

Les meir om grunneigars ansvar for vegetasjonsrydding (Statens vegvesen)

Veg- og gatenorm
Ålesund kommune si veg- og gatenorm gjeld fram til Haram kommune har fått utarbeida ein eigen. Denne gjeld for kommunale vegar, avkøyringar og parkeringsplassar. I tillegg gir den føringar for private vegar, avkøyringar og parkeringsplassar som er knytt til kommunal veg. Norma gjeld også for fortettingsområde, men her vil det kunne oppstå forhold som krev ei skjønnsmessig vurdering frå kommunens side.

Meld frå om manglande trafikktryggleik 

Vil du vite meir?