Husk å melde inn målarstand på vassmålaren din

Har du installert mekanisk vassmålar på eigedomen din? Då må du huske å lese den av og melde inn målarstand.

Avlesing av mekanisk vassmålar

Vi sender ut påminning om avlesing av mekanisk vassmålar kvart år. 

I 2025 blir det sendt ut SMS den 9. desember, med frist for å lese av fram til 16. desember.

I 2025 har vi eit nytt system som gjer at du berre skal svare på SMS-en. Avsendar er eit nummer med 14 tal som er unikt for deg (startar med 2730), slik at avlesing og svar vert registrert på rett målar. Det gjer også at du ikkje kan vidaresende SMS-en.

Slik melder du inn målarstand via SMS

  • Du svarer på SMS-en om vassmålaravlesing på same måte som du svarer på andre SMS-ar du får.  (Du skal ikkje klikke på noko lenke slik det var tidlegare.)
  • Du svarer med målerstand, talet som står på målaren, kun talet og utan tala bak komma
  • Du får tilbakemelding i ein ny SMS når avlesinga er registrert.
  • Har du registrert feil målarstand, kan du sende inn på nytt, og det er då siste innsende sms og målarstand som gjeld. 


Har du fleire vassmålarar, får du ein SMS per vassmålar. Det er viktig at du svarer på rett sms med rett avlesing for rett vassmålar.  Du kan ikkje svare for fleire vassmålarar på den same SMS-en. 

Kva skjer om eg ikkje får SMS?

Vi får melding dersom SMS-en ikkje er opna eller har kome fram i løpet av 48 timar. Då får du brev gjennom Digipost eller Altinn.

Du kan både melde inn målarstand og gi beskjed om at du neste gong vil melde om målarstand på SMS på

Får du avlesingskort i posten? 

  1. Sjekk først at det er rett vassmålar, før du går i gang med registreringa.
  2. Les av målarstanden på målaren, 5 siffer. Ikkje ta med raude tal og tal etter komma.
  3. Fyll ut felta for dato og målarstand, signer kortet og send det tilbake til oss. Du skal bruke adressa som står på avlesningskortet.

Prisar

Sjå betalingssatsane for vatn og avløp.

Her kan du lese norm for vassmålar og vassinntak (PDF, 517 kB)

Har du spørsmål?

Om du lurer på noko rundt avlesing og innmelding av målarstand, kan du kontakte Haram kommune sin innbyggarservice. Opningstida er måndag-fredag kl 09.00-14.30.