Kvar kjem drikkevatnet frå?

Haram kommune har ansvar for å levere reint og trygt vatn til kommunen sine abonnentar i samsvar med drikkevassforskrifta.

Kvar kjem vatnet frå?

Ulvestadvatnet er hovudvasskjelda til det kommunale vassverket på Vatne. Dette leverer vatn til abonnentar på Vatne, Tennfjord, Slyngstad og til Hellestranda private vassverk. Her er Grytastranda private vassverk  reserveforsyning.

Delar av Hildrestranda og Nordøyane får også vatn frå det kommunale vassverket. Haram kommune kjøper her vatn frå Brattvåg private vassverk.

Slik tek vi vare på drikkevatnet vårt

Vi treng reint drikkevatn. Difor har vi mange tiltak for å hindre forureining av drikkevasskjeldene.

Det er lov med på alminneleg ferdsel langs drikkevasskjeldene, men nokre aktivitetar er forbode for å verne vannforsyninga.

Det er ikkje lov med bading, fisking, bruk av båt, telting, camping og overnatting med hengekøye og liknande ved nokon av drikkevasskjeldene våre. I tillegg har kvar drikkevasskjelde eigne reglar. Dei finn du under her.

Kvifor må vi passe på drikkevasskjeldene?

  • Vassbehandlingsanlegga kan svikte. 
  • Vassbehandlingsanlegga er rigga for eit forventa nivå på kvaliteten på råvatnet. 
  • Dei fleste vassbehandlingsanlegg er ikkje bygd for å fjerne kjemisk forureining.
  • Det er behov for ein buffer mot nye ikkje kjente truslar og nye sjukdomsframkalla organismar (patogen).
  • Dersom vi over tid forureinar drikkevasskjelda, vil vi trenge meir vassbehandling med ekstra og dyrare tiltak enn i dag.  

Kjelde: Norsk vann