Fysiske og kjemiske eigenskapar
Vasskvaliteten er med svært få unntak innanfor grenseverdiane i drikkevassforskrifta.
Sjekk grenseverdiane for vasskvalitetsparametrane her (Lovdata.no)
Vi kartlegg også kvaliteten på råvatn og drikkevatn, mellom anna gjennom faste analysar og utvida prøve på ulike prøvestader med jevne mellomrom.
Her finn du resultat frå vassprøvene
Målepunkt:
Vatne vassbehandlingsanlegg, Eidet Omsorgssenter, Utigarden barnehage, Mulen høgdebasseng, Vadset, Vatnedalen høgdebasseng.
Målepunkt:
Haram Kvileheim, Austnes Helsehus, Ulla
Målepunkt:
Haram Kvileheim, Austnes Helsehus, Ulla
Drikkevatn frå privat vassforsyning
Har du eiga vassforsyning kan du få drikkevatnet ditt analysert av eit privat laboratorium. Fleire av laboratoria har nettbutikk. Flaskene blir sendt heim til deg med posten og du sender flasker med vatn i retur.
Hugs at alle private vassforsyningar som forsyner meir enn ein bustad skal registrerast hos Mattilsynet.
Kokeanbefaling ved endra kvalitet på drikkevatnet
Kommunen sender alltid ut ei kokeanbefaling når det er aktuelt til dei det gjeld, og vi varslar når kokeanbefalinga er oppheva.
Som oftast sender vi slike meldingar for å vere på den trygge sida sidan vi jobbar etter «føre-var» prinsippet for å sikra seg tryggast mogleg drikkevatn til innbyggarane.
Les meir om kva du bør gjere viss du har fått varsel om koking av drikkevatnet.
Les meir om telefonvarsling.
Råd ved misfarga vatn
Vatnet kan verte brunt eller misfarga når vi utfører spyling av dei kommunale leidningane, ved arbeid på leidningsnettet, ved brot på ei vassleidning eller når hastigheita på vatnet aukar brått, til dømes ved brannslokking eller høgt forbruk. Misfarginga skuldast at innvendig belegg i vassleidningane løsnar og vert frakta med drikkevatnet.
Dersom det er ubehageleg lukt/smak av vatnet eller vatnet er misfarga kan du:
- La vatnet renne med kaldt vatn til det blir klart igjen. I nokre tilfelle kan dette ta ei stund.
- Lar du det renne med kaldt vatn så unngår du å få misfarga vatn inn i varmtvannsberedaren.
- Vent med å vaske lyst tøy til vatnet er klart igjen.
- Om du får farge på klesvasken, hald tøyet vått til vatnet er klart og vask på nytt.
Om misfarginga ikkje betrar seg i løpet av nokre timar, så ta kontakt med kommunen.
Her kan du melde frå om feil
Blautt vatn i Haram
Hardleik er eit mål for innhaldet av salt i vatnet, i første rekke kalsium- og magnesiumsalt. Innhaldet av kalsium blir målt hardleiksgrader, dH°. Skalaen går frå 0 til 30, der 0 er blautt vatn og 30 er hardt. Ein grad er det same som eit innhald av 10 mg kalsiumoksid per liter vatn.
Haram har blautt vatn med hardleiken på vatnet mellom 0-5 dH°.
- Vatne kommunale vassverk, hardleik: 1,2 dH°
- Nordøyane: 0,2 dH°