Tilknyting til kommunalt vatn og avløp

Alle bustad- og næringseigedommar som er i nærleik av kommunalt vass- og avløpsnett, er pliktig til å vere tilknytt dette.

Lurer du på om du kan kople deg til kommunalt vatn og avløp? 

Ta kontakt med oss for å få vite om det er mogleg å kople seg til kommunalt vatn og avløp. Send e-post til oss på postmottak@haram.kommune.no

Har du fått pålegg om tilknyting til kommunalt vatn og avløp?  

Ta kontakt med ein røyrleggar som hjelper deg med å søke.  Teikningar og forslag til løysing (søknad om tilknyting) blir sendt av røyrleggaren til Haram kommune. 

Du må søke kommunen om løyve 

Etablering og vesentleg rehabilitering av vass- og avløpsleidningar er søknadspliktig etter plan- og bygningslova. Les korleis du går fram for å søke løyve etter plan- og bygningslova

Bruk godkjent røyrleggar

Det er berre godkjende røyrleggarar som kan utføre arbeid på private- og kommunale vass- og avløpsleidningar.

Tilkoplingsavgift

Ved tilkopling betaler du ei tilkoplingsavgift. Denne blir årleg fastsett av kommunestyret.

Sjå betalingssatsane for vatn og avløp.

Meir informasjon

Etablering om vatn- og avløpsanlegg på nettsida til Direktoratet for byggkvalitet (DIBK)