Hendingar som kan føre til tilbakeslag
Det er to hovudgrunnar til at tilbakeslag oppstår:
- trykkfall på vassleidningsnettet til kommunen til dømes ved leidningsbrot.
- interne installasjonar har høgare trykk enn trykt på det offentlege leidningsnettet, til dømes ved bruk av høytrykkspyler eller anna trykkaukeutstyr.
Dine plikter som huseigar
- Ved utskifting av hovudleidningsnettet til kommunen kan kommunen kreve at du må skifte ut den private avløpsleidninga din dersom den ikkje tilfredsstiller dagens krav.
- Du må utbetre feil og manglar ved påvist lekkasje på privat avløpsleidning.
- Du skal også ha installert tilbakeslagsventil
Slik kan du sikre deg mot tilbakeslag
For å sikre deg mot tilbakeslag må du installere korrekt tilbakeslagsventil ved hovudvassinntaket, rett etter innvendig hovudstoppekran og før første røyravstikkar.
Dette arbeidet må gjerast av rørleggar. Kva vern som bør installerast blir avgjort av kva væsker du har på rørsystemet ditt og kor mykje dei kan forureine ved tilbakeslag.
Rørleggaren skal melde inn at du har fått tilbakestrøymingsvern i Entreprenørportalen.