I vassforsyning jobbar ein etter «føre-var» prinsippet for å sikra seg tryggast mogleg drikkevatn til innbyggarane. Som oftast når det blir sendt ut slike meldingar er det for å vera på den sikre sida. Eit kokevarsel blir alltid sendt ut i samråd med kommuneoverlege.
Ved leidningsbrot vil det normalt vera tilstrekkeleg med at kommunen gjer ei kontrollert spyling, men i dei tilfella kommunen er usikker på om det har komme forureining inn i leidningsnettet vil kommunen gjera ei vurdering om ein skal ta ei vassprøve og sende ut eit kokevarsel. I slike høve legg kommunen «føre-var» prinsippet til grunn.
Ved eit kokevarsel bør du følgje Folkehelseinstituttets råd: Kva bør du gjere når du får kokevarsel frå vassverket?
Kommunen sender alltid ut eit kokevarsel til dei det måtte gjelde, og vi sender nytt varsel om oppheving.