Feil eller problem med vatn og avløp?

Det kan vere ulike grunnar til at vatnet i springen forsvinn eller det oppstår problem med avløpet. Sjå kvar du kan melde om feil, finne driftsmeldingar frå kommunen eller feilsøke sjølv.

Kort fortalt

  • Driftsmeldinger - her melder kommunen om feil 
  • Ved mindre lekkasjer på privat eller offentleg vassledning meld om feil.
  • Ved større feil og oversvømmelser, ring straks til vakttelefon (951 62 000). Ved fare for materielle skadar og/eller kjelleroversvømmelser ring òg brannvesen (110).
  • Ved oversvømmelse på eigen eigedom må du kontakte forsikringsselskapet ditt.

Har du ikkje vatn?

Det blir normalt sendt ut melding når planlagt arbeid utførast kor enten vatnet forsvinn, endringar i vassleveransen eller vasskvaliteten blir endra. Slik kan du sjå om du registrert for varsling

Vasslekkasje

Vasslekkasje kan oppdagast ved vassamling på overflata, sus i leidningen eller at trykket blir borte.

Problem med vasskvalitet/trykk

Opplever du problem med kvaliteten eller trykket på vatnet, er det fleire måtar å leite etter feilkjelda på.

Avløp og overvatn

Viss du merkar kloakklukt i lengre periodar ute så meld frå om dette.

Unngå vasskadar ved kraftige regnskyll - hald alltid avløp, sluk og rister opne og rydda for lauv og skrot, slik at vatnet kan renne unna.

Kloakklukt i bygningar

For å unngå lukt i bygg har sanitærreglementet  krav om vasslås, dimensjonar på leidningsnettet og krav om at alle bygg skal ha lufting over tak.

Tett avløp og tilbakeslag

Dersom problemet skuldast leidningane som går frå huset ditt til kommunen si hovudavløpsleidning, kan en rørlegger eller slamtømmefirma stake eller spyle dei opp. Du er sjølv ansvarleg for leidningane som går fra huset ditt til kommunen si hovudleidning. 

Dersom problemet skuldast at kommunen si hovudleidning er tett, kan du melde fra til oss.

Uansett årsak bør du alltid melde fra om eventuell skade til forsikringsselskapet ditt.