- Varsel blir sendt med SMS til mobiltelefonar og som talemelding til fassttelefonar.
- Har du jobbtelefon eller hemmeleg nummer må du registrere kva nummer du vil bli varsla på.
- Bedrifter bør registrere nummer på tilsette som skal motta varsel.
Du blir varsla med SMS. Dersom du berre har fasttelefon, får du ei automatisert talemelding. Telefonnummer med automatisk svarteneste eller tasteval for vidarekopling er derfor lite eigna som kontaktnummer for næringsverksemder.
Slik finner kommunen telefonnnummeret ditt
Adressedatabasen som blir brukt under varsling er ei samanstilling av informasjon frå Folkeregisteret, nummeropplysning frå alle teleoperatørane og informasjon frå GAB-registeret.
Desse har vi ikkje nummeret til:
- Innbyggarar under 16.
- Jobbtelefon som er knytt til arbeidsstaden si adressa.
- Telefonar som er reservert mot visning i nummeropplysningstenester (hemmeleg nummer).
- Kontaktpersonar i bedrifter.
Difor anbefaler vi at du sjekkar om telefonnummeret ditt er registrert, og legg inn informasjon sjølv slik at du får varsel slik du ønsker. Telefonnummer som blir registrert i databasen er hemmeleg for alle andre.
Slik sjekkar du om du får varsel frå oss
Varslemeg.no er ein portal for vassavstengingar, graving med meir. Her kan du sjølv legge inn adresse og telefonnummer og sjekke om du ligg inne for å bli varsla.
- Gå inn på Varslemeg.no.
- Trykk på "Ny/endre oppføring" for å sjekke oppføringa di.
- Du blir spurt om telefonnummer og får tilsendt ein PIN-kode. Det er lurt å ha ha klart matrikkelnummer for den eigedommen du ønsker å blir varsla for.
Ved å registrere bedrifta på Varslemeg.no kan bedrifta registrerast som ein sårbar abonnent.
- Gå til Varslemeg.no og klikk på "Ny/endre oppføring"
- Oppgi telefonnummer for å få PIN-kode for innlogging.OBS: Dette telefonnummeret blir automatisk oppført som oppføring for bedrifta og varslingar som blir sende via SMS vil gå direkte til dette nummeret. Deretter får du ei oversikt over eksisterande oppføringar knytt til oppgitt telefonnummer.
- For å legge til ny oppføring for bedrifta di, klikk "Legg til ny oppføring". Viss du ønskjer å endre eksisterande oppføring, klikkar du på denne i staden for.
- Vel "Bedrift" for å starte registering av bedrift.
- Fyll inn organisasjonsnummer (9 siffer) og namn på bedrifta. Ønsker du at namn og org.nr skal skjulast for varslingsloggen vår, kryssar du av for "hemmeleg".
- Deretter vel du kva kommune som skal ha tilgang til oppføringa.
- Legg inn gatenamn og husnummer, vel frå lista som Varslemeg.no foreslår.
- Vel kva gruppe bedrifta tilhøyrer, ut frå vald gruppe vil sårbarheit settast automatisk.
- Legg inn ekstra telefonnummer i tillegg til telefonnummeret som vart brukt for å logge inn. Dette nummeret vil også bli varsla knytt til oppgitt gatenamn. (Dette steget er valfritt)
- Klikk "Lagre" og logg ut.