Det er Ålesundsregionens interkommunale miljøselskap, ÅRIM som utfører tenesta. Spørsmål knytt til tømming av slamavskiljarar/septiktankar, tette tankar, minireinseanlegg o.l. skal rettast til ÅRIM.
Kva tid er det tøming?
Ved å logge inn på Di side på www.arim.no kan du søke opp registrerte opplysninger og planlagt tømmetidspunkt.
Les meir om slamtømming på nettsida til ÅRIM
Næring
Næringseigedomar og større anlegg er ikkje pliktige til å bruke kommunens tenesteleverandør. Alle avløpsanlegg som ikkje er tilknytt kommunal slamtømmeordning gjennom ÅRIM, må sende inn årsrapport til kommunen innan 1. mars påfølgande år.
Ansvar og mynde
Eigar er ansvarleg for drift og vedlikehald av avløpsanlegget sitt, og skal kunne dokumentere at slamavskiljarar blir tømt og slam levert til godkjent mottak. Kommunen er forureiningsmyndigheit og tilsynsmyndigheit for alle mindre avløpsanlegg under kapittel 12 i forureiningsforskrifta. For større anlegg er kommunen forureiningsmyndigheit etter kapittel 13 og Statsforvaltaren etter kapittel 14 i forureiningsforskrifta.
Anlegg for bubilar og fritidsbåtar
Kommunen skal også sørge for nødvendige anlegg for tømming av avløpsvatn frå bubilar, fritidsbåtar m.m. I Haram er det etablert tømmestasjon for bubilar ved småbåthamna på Austnes på Haramsøy.
Pris
Gebyret gjeld slamavskiljarar m.m. som etter forurensningslova § 26 og forskrift om hushaldsavfall og slam i Ålesundregionen er pålagd tvungen kommunal tømming.
Etter forurensingsforskriftens § 12-13 skal slamavskiljarar tilknytt heilårsbustad eller fritidsbustad tømmast heilt for slam etter behov, ikkje sjeldnare enn kvart andre (heilårsbustad) og fjerde år (fritidsbustad).
Årlig tømming kan også bli pålagt for slamavskiljarar som er mindre enn forskriftskravet.
Tette tankar skal tømmast kvart år, med mindre det føreligg særlige grunnar for dispensasjon. Betalingsregulativet oppfyller reglane for sjølvkost innanfor området.
Sjå betalingsregulativet for renovasjon og slam