Kommunen har tilsynsplikt
Som forureiningsmyndigheit har kommunen plikt til å føre tilsyn slik at gjeldande regelverk blir følgt. Dette gjeld utslepp av sanitært avløpsvatn frå mindre avløpsanlegg og mindre tettbygde område, påslepp og utslepp av oljehaldig avløpsvatn og påslepp av feitthaldig avløpsvatn.
Kva er tilsyn?
Kontrollarbeidet vert gjennomført systematisk og gjerne områdevis. Utgangspunktet for gjennomføring av tilsyn vil i grove trekk gå ut på følgande:
- Gå gjennom dokumentasjon og registreringar for det aktuelle anlegget
- Kontroll og oppfølging av tømmerapportar, servicerapportar og årsrapportar
- Vurdere tømmefrekvens og tilgjenge
- Kontrollbesøk/inspeksjon (dette blir varsla i forkant)
- Eventuell prøvetaking av anleggsutslepp og inspeksjon av utsleppspunkt
- Kontroll av forureining, lukt eller anna sjenanse frå anlegget
- Tilsynsrapport
- Oppfølging av eventuelle avvik, og dermed pålegg om tiltak
Kva kostar det?
Sjå prisane for utøving av mynde etter forureiningsregelverket
Kvifor årleg betaling?
Det årlege gebyret er basert på kostnadane for å drive tilsyn, og er ikkje ein del av dei kommunale gebyra. Innkrevjing av tilsynsgebyr er basert på sjølvkostprinsippet og eit eventuelt overskot eller underskot vert innarbeidd i gebyrgrunnlaget for seinare budsjettår.
- Private avløpsanlegg (Forurensningsforskriften kap. 12) Dei som er omfatta av dette er husstandar (bustadhus, hytter og liknande) som har innlagt vatn, enten kommunalt eller privat, og ikkje er tilknytt kommunalt avløpsnett.
- Utslepp av kommunalt avløpsvatn frå mindre tettbygde område (Forurensningsforskriften kap. 13). Dette gjeld for utslepp av kommunalt avløpsvatn frå fellesanlegg i mindre tettbygde område.
- Feittutskiljarar (Forurensningsforskriften §15A-4 og lokal forskrift). Dette gjeld alle verksemder som har påslepp av feitthaldig avløpsvatn til offentleg avløpsnett.
- Oljeutskiljarar (Forurensningsforskriften Kap. 15). Dette gjeld verksemder som har utslepp, herunder påslepp, av oljehaldig avløpsvatn.
Kan eg klage?
Kommunestyret sitt vedtak om gebyrsatsar kan ikkje klagast på.
Kontakt oss før utbetring
Vi anbefaler at du alltid tar kontakt med oss før du gjer utbetringar av avløpsanlegget ditt. Som følge av tilsynsarbeidet, vil det vere mange avløpsanlegg som etter kvart vil få pålegg om oppgradering til dagens reinsekrav.
Dersom det blir gjort mindre utbetringar no, kan dette vere unødig bruk av pengar dersom vi krev anna type utbetring i nær framtid, eller om det er planlagt felles avløpsanlegg i nærområdet ditt. Sikring av lokk bør uansett gjerast med ein gong.
Ansvar og heimlar
Etter forurensningsforskriften kapittel 12 og 13 er kommunen forureiningsmyndigheit og skal føre tilsyn med at føresegn og vedtak gitt i medhald av kapittelet blir fulgt. Forurensningsloven pålegg kommunen å motvirke forureining, føre tilsyn med kjelder til forureining og sørge for at vedtak og pålegg blir følgt.
Følgande forskrifter og lover gjeld: