Tilsyn med mindre private avløpsanlegg startar etter vinteren 2025 og vil bli gjennomført i samsvar med tilsynsplanen for små avløpsanlegg. I dei kommande åra vil tilsynet starte om våren når det ikkje lenger er snø, og halde fram utover hausten.
Kommunen har tilsynsplikt
Haram kommune er forureiningsmynde for utslepp av avløpsvatn frå spreidd busetnad og mindre tettstader. Som forureiningsmyndigheit har kommunen plikt til å føre tilsyn i samsvar med forureiningsforskrifta § 12-2, slik at gjeldande regelverk blir følgt. Dette omfattar utslepp av sanitært avløpsvatn frå mindre avløpsanlegg, påslepp og utslepp av oljehaldig avløpsvatn, samt påslepp av feitthaldig avlaupsvatn.
Med «mindre private avløpsutslepp» meiner vi utslepp frå eigedommar som ikkje er tilknytte kommunal avløpsløysing, og som til dømes nyttar slamavskiljar, minireinseanlegg eller liknande til reinsing av avløpsvatn frå eigedommen.
Nasjonale føringar seier at alle avløpsanlegg i kvar enkelt kommune skal oppfylle forureiningsforskrifta sine reinsekrav slik at vi kan nå miljømåla. Alle avløpsanlegg skal tilfredsstille dagens reinsekrav, uavhengig av når dei vart etablerte.
Det er registrert 1521 private avlaupsanlegg i Haram kommune. Desse anlegga er knytte til bustader, hytter, fritidsbustader og bygningar som er eigde av private, bedrifter og organisasjonar.
Kva har vi tilsyn på?
- Private avløpsanlegg (Forurensningsforskriften kap. 12) Dei som er omfatta av dette er husstandar (bustadhus, hytter og liknande) som har innlagt vatn, enten kommunalt eller privat, og ikkje er tilknytt kommunalt avløpsnett.
- Utslepp av kommunalt avløpsvatn frå mindre tettbygde område (Forurensningsforskriften kap. 13). Dette gjeld for utslepp av kommunalt avløpsvatn frå fellesanlegg i mindre tettbygde område.
- Feittutskiljarar (Forurensningsforskriften §15A-4 og lokal forskrift). Dette gjeld alle verksemder som har påslepp av feitthaldig avløpsvatn til offentleg avløpsnett.
- Oljeutskiljarar (Forurensningsforskriften Kap. 15). Dette gjeld verksemder som har utslepp, herunder påslepp, av oljehaldig avløpsvatn.
Kva er tilsyn?
Kontrollarbeidet vert gjennomført systematisk og gjerne områdevis. Utgangspunktet for gjennomføring av tilsyn vil i grove trekk gå ut på følgande:
- Gå gjennom dokumentasjon og registreringar for det aktuelle anlegget
- Kontroll og oppfølging av tømmerapportar, servicerapportar og årsrapportar
- Vurdere tømmefrekvens og tilgjenge
- Kontrollbesøk/inspeksjon (dette blir varsla i forkant)
- Kontroll av forureining, lukt eller anna sjenanse frå anlegget
- Tilsynsrapport
- Oppfølging av eventuelle avvik, og dermed pålegg om tiltak
Sjå også nærare info om tilsyn under spørsmål og svar lengre nede i denne artikkelen.
Kva kostar det?
Sjå prisane for utøving av mynde etter forureiningsregelverket
Det er kommunestyret som har vedtatt gebyrsatsane, desse kan ikkje klagast på.
Kontakt oss før utbetring
Vi anbefalar at du alltid tar kontakt med oss før du gjer utbetringar av avløpsanlegget ditt. Som følge av tilsynsarbeidet, vil det vere mange avløpsanlegg som etter kvart vil få pålegg om oppgradering til dagens reinsekrav.
Dersom det blir gjort mindre utbetringar no, kan dette vere unødig bruk av pengar dersom vi krev anna type utbetring i nær framtid, eller om det er planlagt felles avløpsanlegg i nærområdet ditt. Ved behov for sikring av lokk, bør dette uansett gjerast med ein gong.
Ofte stilte spørsmål og svar om tilsyn av reinseanlegg
Fysisk kontroll av kvart enkelt anlegg er ein del av tilsynsarbeidet. Dersom bustaden din har innlagt vatn (offentleg eller privat) og ikkje er tilkopla kommunal avløpsleidning, vil du få tilsyn frå oss. Når tilsyn skal gjennomførast på ditt anlegg, får du brev frå kommunen om dette. Tilsynet blir utført i perioden mai–september.
Det er ikkje råd å seie nøyaktig når eigedommen din får tilsyn. Alle som skal ha tilsyn, vil få eit informasjonsbrev/varsel i forkant.
Tilsynet blir gjennomført heile året og består av dokumenttilsyn og stadleg tilsyn. Stadleg tilsyn startar hovudsakleg på forsommaren (før fellesferien) og blir avslutta på hausten (før første snøfall). Alle eigedommar med private avløpsanlegg i Haram kommune skal vurderast, og det er soneinndelinga i handlingsplanen som blir følgd etter prioritert rekkefølge.
Ved tilsyn blir det sett på typen anlegg, og ein kontroll av tilstanden til anlegget blir utført. Kontroll blir gjort av mellom anna slamavskiljar, reinsanlegg, pumpekum/fordelingskum, peilerør, lufterør og utsleppsstad. Utforminga av avløpsanlegga kan variere frå anlegg til anlegg.
Vi tar bilde og fyller ut sjekkliste. Tilsyna blir berre gjennomført utandørs og tar i gjennomsnitt 20–30 minutt.
Nokre anlegg kan vere svært vanskelege å lokalisere i terrenget. Difor bør eigarar av anlegg merke og klargjere anlegga slik at tilsyn kan gjennomførast. Dette inneber:
- Fjerning av materiell over anlegget
- Merking av kvar anlegget er plassert
- Klipping av gras rundt anlegget og utsleppspunktet
- Opplåsing av eventuelle sikringar/låsar på tilsynsdagen
- Andre forhold som kan hindre gjennomføringa av tilsynet
Ved tilsyn vil Haram kommune gjere ei vurdering av utslepp frå ditt avlaupsanlegg. Du vil få ein tilsynsrapport frå kommunen etter at tilsynet er gjennomført.
I tilsynsrapporten vil funna frå tilsynet bli skildra. Rapporten vil innehalde ei beskriving av anlegget, om det samsvarar med forskrifter og gjeldande krav, om anlegget har feil og manglar, utsleppsstad, og kontroll av forureining – om utsleppet medfører forureining eller fare for forureining.
Utgangspunktet er at du sjølv må betale utgiftene for å utbetre eller etablere eit eige avløpsreinseanlegg. Haram kommune gir ikkje tilskot eller lån til dette formålet.
Dersom du er sikker på at du kan knytte avløpet til det offentlege avløpsnettet, kontaktar du ein fagkyndig rørleggjar for vidare bistand.
Er du usikker på om det er mogleg å knyte avløpet ditt til offentleg avløpsnett, bør du kontakte kommunen.
Den årlege fakturaen gjeld sjølve tenesta med tilsyn, og er altså ikkje betaling for eit konkret tilsyn.
Gebyret er basert på kostnadane for å drive tilsyn, og er ikkje ein del av dei kommunale gebyra. Innkrevjing av tilsynsgebyr er basert på sjølvkostprinsippet og eit eventuelt overskot eller underskot vert innarbeidd i gebyrgrunnlaget for seinare budsjettår.
Ansvar og heimlar
Etter forurensningsforskriften kapittel 12 og 13 er kommunen forureiningsmyndigheit og skal føre tilsyn med at føresegn og vedtak gitt i medhald av kapittelet blir fulgt. Forurensningsloven pålegg kommunen å motvirke forureining, føre tilsyn med kjelder til forureining og sørge for at vedtak og pålegg blir følgt.
Følgande forskrifter og lover gjeld:
Kontakt
Om du har spørsmål rundt tilsyn av avløpsanlegg, er du velkomen til å ta kontakt med oss: