Etablering av private avløpsløysningar er søknadspliktig både etter forurensningsloven og plan- og bygningsloven.
Du finn informasjon om ulike typar avløpsanlegg og kostnadsvurderingar på www.avlop.no
Kven treng utsleppsløyve?
I utgangspunktet skal alle vere til knytta til offentleg avløpsanlegg. Du kan lese mer om tilknytning til vatn og avløp her.
Dersom det ikkje er mogleg, kan ein ha private anlegg. Då må ein søkje kommunen om utsleppsløyve.
Etablering av nye utslepp av sanitært avløpsvatn, eller vesentleg auke av eksisterande utslepp, er søknadspliktige etter forureiningsforskrifta.
- kapittel 12 for utslepp mindre enn 50 personekvivalentar (pe), og
- kapittel 13 for større utslepp. Kapittelet gjeld for utslepp av kommunalt avløpsvatn frå tettgrend med samla utslepp mindre enn 2000 pe til ferskvatn, mindre enn 2000 pe til elvemunning eller mindre enn 10.000 pe til sjø.
Søknadsplikta gjeld også når avløp går til lukka tank.
Slik søker du om utsleppsløyve for private avløpsanlegg
Ved etablering av nye utslepp eller vesentleg auke av eksisterande utslepp av privat avløpsvatn skal den ansvarlege sørgje for at det er utarbeidd ein skriftleg, fullstendig søknad.
Dette må søknaden innehalde:
- namnet og adressa til den ansvarlege,
- Namn på nøytral fagkunnig (person/firma) som har hjelpt til med val av reinsemetode og/eller dokumentasjon av reinsegrad
- dokumentasjon på korleis utslepp skal etablerast og drivast
- plassering av reinseanlegg og utsleppsstad på kart i målestokk 1:5000 eller storleiken av større utsleppet i pe
- skildring av stad, løysing og dybde på utleppet
- interesser som blir antekne å bli ramma av etableringa, under dette interesser knytt til drikkevassforsyning, rekreasjon eller næringsverksemd
- oversikt over kven som skal varslast
- samtykke frå planstyresmakta til kommunen dersom utsleppet er i strid med endelege planar etter plan- og bygningslova.
Partar og andre som kan bli særleg ramma av saka er varsla om innhaldet i søknaden. Kopi av varselet skal sendast til kommunen samtidig med at partar og andre blir varsla. I varselet skal det komme fram at utsegner må ha komme til søkjar innan ein frist på minst fire veker etter at varselet er sendt.
Søk om utsleppsløyve
Dette skal følge med søknaden:
Når avløpsanlegget er etablert skal utførande føretak sende inn ferdigmelding digitalt:
Ferdigmelding av private avløpsanlegg
Registrering av slamavskiljarar og tette tankar
Tømming av slam
Forureiningsforskrifta stiller mellom anna krav om regelmessig vedlikehald og om tømming av anlegg som ikkje er kopla til det offentlege avløpsnettet.
Det er Ålesundsregionens interkommunale miljøselskap, ÅRIM som utfører tenesta.
Tilsyn
Kommunen har plikt til å gjennomføre tilsyn på private avløpsanlegg. Formålet med tilsyna er å forsikre seg om at avløpsanlegga blir bygde, blir drifta og blir følgde opp på ein tilfredsstillande måte.
Tilsyn skal utførast på nye anlegg og etter vesentlege oppgraderingar. Deretter skal tilsyn utførast kvart femte år.
Kva kostar det?
Gebyrregulativ etter forureiningslova
Meir informasjon
Avlop.no – Mindre avløpsanlegg