Avløpsvatn frå hushald

Det er berre tiss, bæsj og dopapir som skal i do. Alt anna skaper store problem for røyrsystemet.

Dovettreglar

  • Bæsj, tiss og dopapir er det som skal i do!
  • Våtserviettar, q-tips og feitt skal ikkje i do! Det tettar igjen kloakkrøyra.
  • Stivna feitt skal i søppelbøtta eller saman med matavfallet.

Kva er avløpsvatn frå privat hushald?

Avløpsvatn er vatn frå toalett, dusj, vaskar, vaskemaskiner og innvendige sluk (kloakk).

Kva er ein privat avløpsleidning? 

Private leidningar (stikkleidningar) og utstyr utanfor ytterveggen i huset som er tilknytta offentleg vass- og/eller avløpsanlegg.

Dine plikter som huseigar

Ved utskifting av hovudleidningsnettet til kommunen kan kommunen krevje at du må skifte ut den private avløpsleidningen din dersom han ikkje tilfredsstiller dagens krav.

Du må utbetre feil og manglar ved påvist lekkasje på privat avløpsleidning.

Det er berre tiss, bæsj og dopapir som skal kastast i toalettet. Du må ikkje kaste kondom, q-tips, kjemikaliar, medisinar eller våtserviettar i toalettet. Dette kan skape problem for reinseanlegget eller hindre miljøvennleg bruk av slam.

Kvifor skal ikkje feitt i avløpet?

Feitt i avløpsnettet er eit aukande problem, både i private og kommunale røyr. Kvart år må kommunen bruke mykje pengar og ressursar på problem knytt til feitt i avløpsnettet.

Avløpsnettet er bygd for å handtere vatn, tiss, bæsj og dopapir. Det hjelper ikkje at det blir nytta varmt vatn og såpe når feittet blir fjerna frå gryter og panner, for feittet vil stivne igjen når det kjem lenger ut i røyra. Feitt frå matrestar og matlaging tettar og skaper problem i røyr og ved pumpestasjonar. Dette kan føre til tilbakeslag i toalett, flaum i kjellarar, lukt- og rotteproblem.

Kva kostar det?

Avløpsgebyr kommunalt avløpsnett

Meir informasjon