- Før du grev i, nær eller inntil offentleg veg må du ha løyve.
- Du må sende inn ei gravemelding for å sikre at for eksempel strømkablar, telekablar, fiberkablar, fjernvarme, vatn- og avløpsleidningar ikkje blir øydelagde.
Kva blir rekna som kommunal veggrunn?
Kommunal veggrunn er all veggrunn etter veglova § 1, som er open for alminneleg ferdsel og blir vedlikehalden av Haram kommune.
Kommunal veggrunn er i denne samanhengen også inkludert privat grunn som blir disponert av kommunen til veg- og trafikkføremål. Som veg reknar ein også fortau, snuplass, opplagsplassar, haldeplassar, parkeringsplassar, bruer, grøntanlegg, veggrøfter og anna som står i samband med veg.
Krav til søkar
1. Før du søker
Sjekk kva som blir kreve for området før du grev, og følg gjeldande instruksar.
Sjølv om du berre skal grave i din eigen hage er det lurt å søke om gravemelding. Det kan gi alvorlege konsekvensar for liv og helse å grave over enkelte leidningar. Skader på ledningsnettet kan føre til erstatningskrav.
- Nokre leidningseigarar er tilslutta den kommunale gravemeldingstenesta, og nokre får denne tenesta levert av kommersielle aktørar. Fleire kabeletatar er tilslutta Geomatikk si løsing. Andre leidningseigarar må kontaktast direkte for informasjon om leidningstrasè.
- Søknad må sendast begge stadar for fullgod informasjon om leidningar i bakken.
Reglar og retningslinjer for graving i offentleg veggrunn finn du nedanfor. Der det ikkje er samsvar mellom forskrift og instruks, er det forskrifta som gjeld.
I tillegg til eit løyve om å få grave eller legge ned noko i vegen, må ein alltid ha ein godkjent plan for varsling og sikring av det arbeidet som skal gjennomførast.
Statens vegvesen handterer søknader om arbeidsvarsling, graving og nærføring til riksvegane.
Fylkeskommunen handterer søknader om graving og nærføring til fylkesvegane.
Søknad om arbeidsvarsling på fylkesvegane er det Statens vegvesen som handterer, men eit løyve frå fylkeskommunen på graving eller nærføring må leggast ved søknaden.
Når det blir grave og jordmasser blir flytta, må ein passe på at ein ikkje spreier uønska, framande planteartar.
Jordmassar og plantemassar infisert med framande artar skal handterast på ein forsvarleg måte i samsvar med § 28 Aktsemdsplikta i Naturmangfaldlova og Forskrift om framande organismer.
Når eit arbeid blir planlagt skal området undersøkast for uønska framande planteartar.
Bingsa er eit godkjent mottak for både plantedelar og jordmasser infisert av uønska planteartar. Andre deponiplassar kan også vere godkjent om det følger premissa for forsvarleg handtering av dei aktuelle plantane.
Vi har som mål å sikre Haram kommune sine tre.
Når det skal gravast eller arbeidast nær tre skal det bli tatt omsyn til røter, stamme og trekrone. Vi vil unngå å svekke livslengda på trea, skape risikotre eller gjere dei sårbare for sjukdom og skadedyr.
Alt gravearbeid skal skje utanfor trekronene si ytre avgrensning (dryppsona), og minst 5 meter frå stammen. Avhengig av topografi og opne plenareal med tre kan kravet om avstand vere større. Graving innanfor ei 20 meters omsynssone skal utførast i samråd med forvaltningseininga. Gravearbeid under trekrona skal utførast med luftspade, eller andre metoder etter avtale.
Tiltakshaver pliktar å vurdere og eventuelt undersøke om det er forureina grunn i området.
2. Etter arbeid
Det skal leverast inn loggbok for arbeidsvarsling og ferdigmeldingsskjema til veghaldar etter at graveområdet i kommunal veggrunn er ferdigstilt.
Fyll ut loggbok for arbeidsvarsling (DOCX, 28 kB)
Fyll ut skjema for ferdigmelding (DOCX, 39 kB)
Søknad
Pris
Sjå pris for grave- og arbeidsløyve
Saksbehandling
Behandlingstid er gitt av forvaltningslova, men enkle søknader kan bli behandla så raskt som i løpet av 3 dagar.