Møre og Romsdal fylkeskommune overtek frå 1. juli 2026 ansvaret for all brukargodkjenning og klagehandsaming knytt til TT‑kort.
Samstundes trer nye retningslinjer i kraft. Desse inneber mellom anna at brukersonene M1 og M2 blir slått saman, og at årleg tildeling for denne brukargruppa blir auka til 4 500 kroner for året 2026.
Det vil samtidig bli gjort frådrag for tildeling som allereie er gitt for første halvår 2026, frå same dato som fylkeskommunen overtek ansvaret for TT‑ordninga.
For brukarar som allereie er i ordninga vil endringa skje automatisk, ein må ikkje søke på nytt.
Gå til Møre og Romsdal sin informasjon om TT-kort