Startlån

Startlån frå kommunen kan hjelpe deg som har hatt langvarige problem med å få lån i vanleg bank til å kjøpe eller tilpasse eigen bustad.

Kven kan få startlån?

Startlån er ei behovsprøvd ordning, og lån kan gis til barnefamiliar, eldre, personar med nedsett funksjonsevne eller andre som bur i ein ueigna bustad. Dersom du er ung førstegongsetablerar, eller er i ein situasjon der du kan spare, får du ikkje startlån.

For å få startlån må du ha langvarige vanskar med å finansiere bustad. Samtidig må du ha stabil og høg nok inntekt til å kunne betale avdrag og renter på eit startlån, samstundes som du betaler for livsopphold og andre faste utgifter.  Kommunen legg til grunn Sifo sine satser for forbruk når en beregner utgifter til livsopphald.

Kva kan du få startlån til?

  • kjøp/bygging av bustad
  • refinansiering som er nødvendig for å halde på bustaden
  • tilpassing av bustad dersom du på grunn av nedsatt funksjonsevne har behov for tilpassing
  • utbetring av bustad

Startlånet kan brukast til å fullfinansiere bustad, eller som toppfinansiering i kombinasjon med grunnfinansiering i ordinær bank.  Du bør søke om grunnfinansiering i ordinær bank før du sender inn søknad om startlån.

I nokon tilfeller vil ein innvilge bustadtilskot til kombinasjon med bustadtilskot.  

Bustaden skal vere eigna, nøktern og dekke husstaden sine rimelege bustadbehov.  

Du kan lese meir om startlån på Husbanken sine nettsider.

Slik søker du om startlån

Du søker om startlån på Husbanken sin nettside.

Søknad om startlån

Søknadar blir behandla etter kvart som dei kjem inn.  Behandlingstida er normalt 4 veker, dersom alle nødvendige vedlegg er sendt inn.

Har du startlån i kommunen frå før?

Har du lån i Haram kommune, har du tilgang til MinSide hos Intrum Låneadministrasjon.

Her kan du få:

  • Oversikt over innbetalingar
  • Nedbetalingsplan
  • Kontoutskrift
  • Årsoppgåve
  • AvtaleGiro
  • Utsette betaling
  • Endre forfallsdato
  • Kontakte Intrum låneadministrasjon

MinSide fungerar både på mobil, nettbrett og datamaskin. Du må ha BankID som autentisering for å logge på.

Her kan du logge inn på Min side

Kontakt oss