Parkeringslette for rørslehemma (HC-kort)

HC-kort er eit parkeringsløyve som gir tilgang til parkering på parkeringsplassar skilta for deg som er rørslehemma.

Du kan søke kommunen om HC-kort dersom du har behov for parkeringslette eitt eller fleire konkrete stader du har vanskar med å bruke vanlege parkeringsplassar tilknytt:

  • bustad
  • arbeid/skule
  • anna aktivitet (til dømes ved medisinsk behandling/oppfølging hos lege, sjukehus, fysio m.m)
  • fordi du ikkje kan gå
  • har store vanskar med å bevege deg

Handling, sosiale aktivitetar og problematikk knytt til bering gir i seg sjølv ikkje rett til parkeringsløyve.
 
Du kan søke om parkeringsløyve enten som førar eller passasjer.

Det kan berre registrerast eitt kort per person.

Alle vilkår må vere oppfylt før søknaden blir innvilga.

Søkarar som har rullestolheis eller rampe i bilen blir prioritert.

Slik søker du HC-kort 

Last ned søknadsskjema og legeerklæring
Søknad om parkeringsløyve for rørslehemma (HC-kort)(PDF, 722 kB) (PDF, 2 MB)

Dette må du ha med i søknaden:

Du må dokumentere eit særleg behov for parkeringslette på ein eller fleire konkrete stader, der du ikkje kan nytte det vanlege parkeringstilbodet. Dette kan til dømes vere ved bustad, arbeid, legesenter, sjukehus, behandlingsstader eller liknande. Parkeringsbehovet skal vere av ei viss hyppigheit. 

Døme på dokumentasjon:

  • Dokumentasjon/ stadfesting frå behandlingsstad eller frå arbeidsgivar/skule.
  • Legeerklæring som dokumenterer at du ikkje kan gå, eller har store vanskar med å bevege deg over lengre avstandar, og kva hjelpemiddel du bruker.
  • Dokumentasjon frå lege dersom du søker som passasjer, og har behov for regelmessig hjelp utanfor motorvogn (ikkje klarer deg sjølv utan hjelp). Legen må då dokumentere om du treng følge/støtte, eller om du treng tilsyn.

Dette må du legge ved søknaden:

  • Passfoto eller anna bilde på fotopapir i passbildestørrelse (skriv namnet ditt på baksida av bildet).
  • Kopi av gyldig førarkort (begge sider) dersom du søker som sjåfør. 
  • Kopi av anna gyldig legitimasjon med bilde om du søker som passasjer.
     

For at søknaden skal bli vurdert må alle papir/vedlegg sendast inn. Om vi ikkje mottar alle vedlegg innan 4 veker etter at søknad er mottatt, avsluttar vi saka. 

Postadresse

Skjemaet skal signerast og sendast til Haram kommune, Koordinering og tildeling, Postboks 33, 6282 Brattvåg

Saksbehandling

Vi har 4 (fire) veker saksbehandlingstid for alle søknader om HC-kort etter at alle vedlegg er mottatt hos oss. I tillegg kjem postgangen både ved innsending til oss og utsending frå oss. 
Får du avslag, kan du klage. Du finn informasjon om dette i avslagsbrevet. 

Lover og retningslinjer 

Kvar kan du parkere med HC-kort? 

Kart over HC-parkeringar frå Statens vegvesen.

  • På reserverte offentlege parkeringsplassar for rørslehemma. 
  • På avgiftsbelagte offentlege parkeringsplassar utan å betale avgift, og utover tillaten maksimumstid. 
  • På offentlege parkeringsplassar som ikkje er avgiftsbelagte utover tillaten maksimumstid. 
  • I parkeringssoner for bebuarar.

Kriterium og vilkår 

  • Du får eit kort som blir registrert hos Statens vegvesen, med namnet ditt og eit bilde av deg på (det kan berre registrerast eitt kort per person).
  • Parkeringsbeviset er personleg og følger deg, ikkje bilen. Du kan bruke kortet i ulike bilar og parkere på stader som er merka for rørslehemma. Kortet må alltid vere med i bilen når du parkerer på spesialplasser for rørslehemma.
  • Det er forbode for andre å bruke parkeringsløyvet (HC-kortet). For at kortet skal vere gyldig når ein er passasjer, må innehavar av kortet sjølv vere med i bilen ved parkering.
  • Løyvet gir deg rett til å parkere på offentleg skilta og reservert parkeringsplass utan at du betaler avgift, og vanlegvis utan at du treng å følge den lengste fastsette parkeringstida.
  • Du må levere inn kortet når du ikkje lenger disponerer bil, eller når dei forholda som var grunnlaget for tildelinga ikkje lenger er til stades. Du må og levere inn kortet når det ikkje lenger er gyldig.  
  • Misbruk vil føre til inndraging av kortet og kommunen vil vurdere å melde saka til politiet.

Krav til deg med HC-kort

Du som har eit HC-kort er ansvarleg for:

  • At HC-kortet er lesbart
  • At HC-kortet er gyldig
  • At det ikkje er feil på HC-kortet som kan føre til bot.
    • Ser du at kortet ikkje inneheld rett informasjon, har gått ut på dato eller at kortet er blitt falma eller ikkje lesbart av andre grunnar, bør du ikkje bruke kortet. Då kan det føre til parkeringsbot.
  • Er det lang tid til det skada/øydelagde kortet går ut, til dømes over eitt år, send det gamle kortet i retur saman med ei forklaring på kva som er gale.
  • Er det kort tid til det skada/øydelagde kortet går ut (under eit år) kan du sjølv vurdere om du vil søke på nytt, eller få nytt kort med kort dato, og søke på nytt når dette går ut.
  • Om du tidlegare har fått innvilga parkeringsløyve og dette har gått ut, kan du søke på nytt. 

Tapt/stole HC- kort

  • Om kortet blir tapt eller stole, må du melde det til politiet. 
  • Deretter må du levere kopi av tapsmelding og nytt bilde til Haram kommune.