Bustøtte

Ei statleg støtteordning for deg med lave inntekter og høge buutgifter. Husbanken og kommunen samarbeider om ordninga.  Husbanken gjer vedtak, men det er kommunen som registrerer søknaden og har all kontakt med deg som søker. 

Kven kan få bustøtte?

Du og dei du bur saman med kan få bustøtte dersom:

  • du er over 18 år og ikkje er i førstegongsteneste
  • du er under 18 år og har barn

Bustaden din må vere godkjent til bustadformål og ha

  • egen inngang
  • eget bad og toalett
  • kjøkkenløysing
  • høve til å kvile

Du har ikkje rett til bustøtte dersom inntektsgrunnlaget i husstanden din overstig øvre grense for inntekter.  Dette gjeld uansett kor høge buutgiftene dine er.

Les meir om kva som skal til for å få bustøtte og kor mykje du kan få

Er du student, elev eller lærling?

Bur du i kollektiv?

Korleis søker ein bustøtte?

Du søker om bustøtte digitalt på Husbanken.no

Søk om bustøtte

Dersom du ikkje er digital, kan du søke på papir.  Søknadsskjema på papir må sendast kommuna eller leverast inn på innbyggartorget i Brattvåg.

Bustøtte blir utrekna etter inntekta di den månaden vedtaket blir fatta for. Inntektsopplysningar blir henta frå offentlege register og trengst derfor ikkje å dokumenterast.  Inntekt som ikkje blir innhenta automatisk (netto kapitalinntekter, næringsinntekt og utanlandsinntekt) må leggast ved søknaden.

Søknadsfristen for bustøtte er den 25. kvar månad.  Utbetaling skjer ca. den 20. månaden etter.

Dersom du får bustøtte, blir søknaden din automatisk overført til neste månad, med mindre det ikkje har skjedd nokon endringar.

Endringar i søknaden

Du er pliktig til å informere om endringar i søknaden din.  Dette kan vere endringar som blant anna går på inntekt, at du har flytta, fått eit barn eller nokon har flytta ut eller inn av bustaden.

Korleis melde frå om endringar (husbanken.no)

Dersom du har fått godkjent søknaden

Har du fått bustøtte, kan kommunen og Husbanken når som helst kontrollere at du og eventuelt andre i husstanden framleis oppfyller vilkåra.  Dei kan m.a. hente inn informasjon frå offentlege føretak, låneføretak, postoperatørar eller utleigarar.

Sjå NAV sin informasjonsfilm om bustøtte