Bustadtilskot

Bustadtilskot er ei strengt behovsprøvd støtteordning.  Kommunen får tilført midlar gjennom årlig rammeoverføring frå staten.  Midlane er ikkje øyremerka, så det er opp til kvar einskild kommune å bestemme kor mykje som skal settast av til ordninga.

Kort fortalt

Du kan søke om bustadtilskot frå kommunen dersom du er i ein vanskeleg økonomisk situasjon og: 

  • slit med å kjøpe eigen bustad eller å halde på den du har 
  • har nedsett funksjonsevne og treng å tilpasse bustaden din
  • har behov for prosjekteringshjelp i forkant av ei ombygging

Kven kan søke om bustadtilskot?

Tilgjengelege midlar i kommunen er svært avgrensa, og det er dei aller mest vanskeligstilte, i målgruppa barnefamiliar og personar med nedsett funksjonsevne, som blir prioritert ved tildeling.  

Bustadtilskot blir som oftast gitt i kombinasjon med startlån, der startlån åleine ikkje er tilstrekkeleg for å oppnå finansiering.

Kva kan ein søke bustadtilskot til?

Korleis søker ein om bustadtilskot?

Du søker om bustadtilskot og startlån gjennom Husbanken sitt felles digitale søknadsskjema ved hjelp av bank ID. 

Når det gjeld søknad om bustadtilskot til utredning og prosjektering så er det digitale søknadsskjemaet i dag ikkje heilt tilpassa denne ordninga, og det er derfor viktig at ein i merknadsfelt i søknaden presiserar at søknaden gjeld bustadtilskot til utredning og prosjektering.

Søknad om startlån og bustadtilskot

Dersom du ikkje kan få elektronisk ID, kan andre søke på vegne av deg.  Ein medhjelpar eller verge kan kontakte kommunen og få tilgang til å søke for deg elektronisk.  Her kan du lese meir om dette.

Søke om startlån og tilskudd med verge eller medhjelper

Søknadane blir behandla etter kvart som dei kjem inn.  Saksbehandlingstida er normalt 4 veker, dersom alt av nødvendige vedlegg er sendt inn.