Slik merkar og sender du fakturaer til Haram kommune
Avsendar må følge desse kriteria ved merking og innsending av faktura til kommunen og kommunale føretak:
Send faktura elektronisk i EHF-format
Alle fakturaer skal sendast elektronisk i EHF-format. For elektronisk adresse, sjå tabellen nedanfor:
Merking på faktura
- Faktura skal merkast med ansvarsnummer til avdelinga.
Her finn du liste over alle tenester/avdelingar med tilhøyrande referansenummer - Ansvarsnummer skal plasserast i feltet Deres ref.
- På EHF-fakturaen visast feltet som Invoice/Buyer Reference.
- I XML-filen visast AccountingCustomerParty/Party/Contact/ID
- Merk at feltet IKKJE skal innehalde tekst, berre ansvarsnummer
- Namn på bestillar eller referanseperson skal også merkast i fakturaen.
30 dagar betalingsfrist på fakturaer
Det skal vere 30 dagar betalingsfrist på fakturaer til Haram kommune.
Korrigering/Kreditnota
Ved korrigering av faktura etter utsending, skal det sendast ein kreditnota og ein ny korrekt faktura etter gjeldande krav og digital flyt, som beskrive over.
Purringar
Purringar skal sendast elektronisk som EHF.
Bedrifter utan eige fakturasystem
Mange små og mellomstore bedrifter har ikkje eigne fakturasystem som kan produsere elektronisk faktura. Alternativa er å registrere faktura i ein nettbasert fakturaportal eller via eigen nettbank.
På anskaffelser.no finn du ei oversikt over Fakturasystemer som kan levere Elektronisk handelsformat (EHF) | Anskaffelser.no
Fakturaadresse og leveringsadresse
Fakturaadresse til Haram kommune er:
Haram kommune
(Namn på eining)
Postboks 33
6282 Brattvåg
Faktura skal merkast med leveringsadresse.
Kontaktinformasjon
Spørsmål rundt faktura kan rettast til: okonomi@haram.kommune.no
Du kan også kontakte Innbyggarservice på telefon 70 20 75 00 eller e-post innbyggarservice@haram.kommune.no