Bestilling av manntalseksemplar

Parti og grupper som stiller liste ved valet har rett til eit gratis eksemplar av Haram kommune sitt manntal.

Det er også høve til å få tilgang til fleire manntalseksemplar, og oppgåver over bestemte grupper veljarar om kostnad for dette dekkast.

Bestilling av manntalseksemplar og eventuelle oppgåver over bestemte grupper veljarar skal rettast valstyret innan 30. juni.

Behandling av manntalseksemplar

Det utleverte manntalet kan berre brukast til politiske føremål i forbindelse med val. Det er ikkje høve til å kople det utleverte manntalet mot andre datakjelder.

Partiet og gruppa som får utlevert manntalseksemplar eller oppgåver over bestemte grupper veljarar er sjølv behandlingsansvarleg personvernforordninga artikkel 4 nr. 7.

Parti og grupper som for utlevert manntal eller oppgåver over bestemte grupper veljarar skal sjølv sørge for at det som blir utlevert, og eventuelt behandla materiell, blir makulert og sletta. Dette skal skje når det ikkje lenger er nødvendig å oppbevare opplysningane, og skal skje seinast innan to år frå materiellet vart utlevert.

Bestillingar kan rettast til:

Valstyrets sekretær, Ragnhild Movik
ragnhild.movik@haram.kommune.no