Når kan du stemme?

Det blir tilbydd tidlegstemmegiving, førehandsstemming, stemming ved helse- og omsorgsinstitusjonane, og heimestemming for dei som ikkje kan kome til eit vallokale.

Tidlegstemming

Tidlegstemming er meint for dei som ikkje har moglegheit til å stemme i den ordinære førehandsstemmeperioden eller på valdagen. Tidlegstemmeperioden varer frå 1. juli til og med 8. august, du kan kontakte kommunen sin innbyggarservice for å avtale tidspunkt for tidlegstemming.

Førehandsstemming

Du kan førehandsstemme frå 11. august til og med 5. september 2025. 

I Haram kan du førehandsstemme på desse stadene:

Førehandsstemming 2025
Lokale Dato Opningstid
Haram tenestehus 11. august - 3. september 09.00 - 14.30
Haram tenestehus 4. og 5. september 09.00 - 18.00
Eidet omsorgssenter, Trolldalsstova 25. august 14.00 - 17.00
Kyrkjestova på Fjørtoft 18. august 13.00 - 14.30
Coop Prix Longva 21. august 12.00 - 15.00
Joker Lepsøy 18. august 10.00 - 12.00
Haram omsorgssenter, dagsenteret 29. august 11.00 - 12.00
Longva omsorgsbustad 21. august 10.30 - 11.30
Haram vidaregåande skule 27. august 12.00 - 14.00

Stemme heime

Veljarar som på grunn av sjukdom eller uførheit ikkje kan stemme i eit vallokale kan søke om å få stemme heime eller der dei er.

Du må søke kommunen om å få stemme heime eller der du er. Det er tilstrekkeleg å ta munnleg kontakt, og ikkje nødvendig med skriftleg søknad.

Søknadsfristen for å stemme heime er torsdag 4. september klokka 12.00. For å søke kontaktar du politisk sekretær Ragnhild Movik på telefon 94 85 95 24.

Når du kontaktar kommunen må du oppgi årsaka til at du ønsker å nytte deg av moglegheita til å stemme heime. Det er ikkje eit krav om dokumentasjon, og det er difor nok å fortelje kommunen kvifor du ønsker å stemme heimanfrå.

Her kan du lese valdirektoratet sin informasjon om å stemme heime

Når er søknadsfristen?

Søknadsfristen for å stemme hjemme er torsdag 4. september klokken 12.00.

På valdagen

På valdagen den 8. september 2025 kan du stemme i desse vallokala:

Vallokale stortingsval 2025
Stemmekrets Lokale Opningstid
Nordøyane Haramsøy skule 10.00 - 21.00
Brattvåg og Hildre Ingebrigt Davik-huset 10.00 - 21.00
Vatne og Tennfjord Eidet kulturhall 10.00 - 21.00
Søvik og Grytastranda Norborg fleirbrukshall 10.00 - 21.00


Du vil også få informasjon frå valdirektoratet om det næraste vallokalet ditt.

Korleis stemme ved sametingsvalet

For å stemme ved sametingsvalget må du vere innført i valmanntalet for Sametinget. 

Haram kommune har ikkje valting for sametingsvalet. Det betyr at du ikkje kan stemme på sjølve valdagen 08.09.2025.

Du må stemme under perioden for tidlegstemming eller i perioden for førehandsstemming.

Du kan lese mer om sametingsvalget på sametinget.no

Hugs legitimasjon

Du må ha med legitimasjon når du skal stemme. Eksempel på gyldig legitimasjon er pass, nasjonalt ID-kort, førarkort (også digitalt) og bankkort med bilde.

For veljarar som oppheld seg på helse- og omsorgsinstitusjonar, kan ein tilsett gå god for veljaren sin identitet. Det er då eit vilkår at den tilsette kan legitimere seg.

Viktige datoar ved stortings- og sametingsvalet i 2025

  • 1. juli–8.august: Tidlegstemming. 
  • 11. august–5. september: Førehandsstemming.
  • 4. september: Frist for å søke om å få stemme heime (før kl. 12.00).
  • 8. september: Valdag i Haram  (kl. 10.00 - 21.00).