Har du stemmerett?

For å kunne stemme må du ha stemmerett og vere innført i manntalet.

Kven kan stemme ved stortingsvalet? 

Du har stemmerett ved stortingsvalet 2025 dersom du oppfyller desse fire kriteria:

  • Er norsk statsborgar.
  • Er eller fyller 18 år innan utgangen av 2025.
  • Er, eller har vore, registrert i folkeregisteret som busett i Noreg.
  • Ikkje har mista stemmeretten etter Grunnlova § 53.


Tilsette i diplomatiet eller konsulatvesenet og husstanden deira har stemmerett sjølv om dei ikkje oppfyller busettingskriteriet. 

Les meir om manntal og stemmerett på valg.no

Kven kan stemme ved sametingsvalet?

  • Du må ha fylt 18 år innan utgangen av valåret
  • Du må også vere registrert i Sametinget sitt valmanntal.
  • Dersom du er same frå Sverige, Finland eller Russland, må du ha vore folkeregistrert i Norge dei tre siste åra før du kan registrere deg inn i Sametinget sitt valmanntal.

Sjå meir informasjon på sametinget sine sider.

Står du i manntalet? 

Du er innført i manntalet i den kommunen der du ifølge Folkeregisteret budde onsdag 30. juni 2025. 

Frå måndag 12. juli til og med valdagen ligg utleggingsmanntalet for Haram kommune til offentleg ettersyn hos innbyggarservice ved Haram tenestehus. Då kan du sjå om du er registrert og manntalsført i kommunen.