UngdomsrådUngdomsrådet er eit rådgivande organ for kommunen. Det skal få alle saker som gjeld levekår for ungdom, til behandling. Sjå medlemmar, møteplan og dokument for rådet.Innbyggarane sin medverknad i kommunale prosessar der ein skal ta ei avgjerd, er ein viktig del av eit levande lokaldemokrati. Ungdom er ofte underrepresentert i folkevalde organ. Det er nødvendig at ungdom får uttale seg for å sikre at ein er klar over dei konsekvensane vedtaket får for dei gruppene som det gjeld.Lovfesta ordningar for medverknad skal sikre ei brei, open og tilgjengeleg medverknad i saker som gjeld ungdom og bidreg til at sakene vert betre opplyste.Ungdomsrådet skal ha 9 medlemmar og 11 varamedlemmar. Ungdomsrådet kan sjølv ta opp saker som vedkjem dei unge.Sjå Bufdir sin rettleiar for ungdomsrådKontakt ungdomsrådetSjå møteplan og medlemmer i ungdomsrådetSekretær for rådet: Ingvild HaramPolitisk sekretær: Ragnhild Movik Sist endra 05.12.2024 10.05