Råd for menneske med nedsett funksjonsevneRådet for menneske med nedsett funksjonsevne er eit rådgjevande organ for Haram kommune. Alle saker som gjeld personar med funksjonsnedsetjing, skal leggjast fram for rådet. Formålet med rådet er å bidra til å sikre ein brei, open og tilgjengeleg medverknad i saker som gjeld personar med funksjonsnedsetjing.Personar med funksjonsnedsetting er ofte underrepresenterte i folkevalde organ, og deira stemme er ofte ikkje gjort synleg. Dette var ei grunngiving for å lovfeste rådsordninga i 2007. Gjennom FN-konvensjonen om rettar for personar med funksjonsnedsetting skal myndigheitene sikre at personar med funksjonsnedsetting får delta i det politiske liv på lik linje med andre, enten direkte eller gjennom fritt valde representantar. Rådet for personar med funksjonsnedsetting er viktig for å sikre denne retten.Sjå Bufdir sin rettleiar for råd for menneske med nedsett funksjonsevneKontakt RådetSjå møteplan og medlemmer i råd for menneske med nedsett funksjonsevneSekretær for rådet: Nina NordangPolitisk sekretær: Ragnhild Movik Sist endra 03.03.2025 15.18