EldrerådEldrerådet er eit rådgjevande organ for kommunen. Det skal få alle saker som gjeld dei eldre i Haram kommune til behandling. Formålet med eldrerådet er å bidra til å sikre ein brei, open og tilgjengeleg medverknad i saker som gjeld eldre.Det er behov for eldreråd fordi eldre ofte er underrepresenterte i folkevalde organ. Det er viktig at synspunkt frå eldre blir vareteke i kommunale avgjerdsprosessar. Eldrerådet i Harm skal ha 5 medlemmer. Rådet kan sjølv ta opp saker som gjeld dei eldre i kommunen. Kontakt eldrerådetSjå medlemmer, møteplan og dokument for rådet.Sekretær for rådet: Inger Hanne LingaPolitisk sekretær: Ragnhild Movik Sist endra 05.12.2024 10.03